Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II
vendes med vegg-papp med ljos måling. Millom tvo av
romi nedunder fekk eg tri-duble dører, so dei tvo romi
kunde verta eitt. Ovanpå fekk eg dør millom tvo rom, panel
under taket, der fyrr snøen fauk inn på loftet. I det heile
vart huset lognare og trivlegare.
Då eg so fekk pengeløyving, kom det nytt uthus.
Den gamle stallen vart umlaga til fruktrom, med
hå-kjellar og rotfrukt-kjellar.
Seinare vart det bygt nytt eldhus med ny skytja,
vognhus og potetkjellar. Naustet vart vølt, med nytt
tak, ny grunnmur, nytt golv på naust-lemen og nye dører.
Paktarstova fekk tilbygg med inngangsdør på nordsida,
med ark yver kjøkenet. Eg laut leggja duble golv yver
kjøkenet i paktarstova, der fyrr kulden og varmen møttest,
so det sila vatn nedetter veggene og frå sjølve loftet.
#
Sokneprest Olafsen, ordføraren og
landbruksingeni-øren hadde laga ein plan til reduksjon av Ullensvang
prestegard. Etter den planen skulde Ullensvang herad
få kjøpa ein heil slump med parsellar for 24 000 kr.
Frå departementet fekk eg reduksjonsplanen tilsend
til fråsegn. Eg ynskte å taka umsyn til dei interesser
heradsstyret hadde, og let saki liggja medan heradsstyret
dryfte planen. Saki var framme i heradsstyret i tvo møte.
Johs. Aarhus fortalde meg korleis saki stod. I det andre
møtet gav heradsstyret upp all tanke på parsell-kjøp.
Dermed stod eg fritt og kunde fritt segja mi meining.
Men Stiftsdireksjonen sende saki att-ende til heradsstyret,
so mi fråsegn kunde få sin kritikk. Heradsstyret gjorde
då vending og sa dei vilde kjøpa, serleg til lærarjord og
gamleheim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>