- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
12

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 7. Hoppetussa. Tegning av T. Kittelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fortalde Oskelabben korleis dei andre brørne for aat med
han og inkje vikle lia han med seg. «Aa bry deg ikkje
nm det, du,» sa den gamle mannen; «gakk burtigjenom
her, so møter du ei hoppetussa; ho vil beda deg fylgja med
heim, og det skal du gjera.» Guten gjekk, og eit bil etter
motte han hoppetussa. «God dag,» sa ho. «God dag att,»
sa guten, So kom dei daa til aa dresn, og hoppetussa
spurde um han ikkje vilde fylgja henne heim. Jan, det
vilde han daa. So hoppa hoppetussa fyre, og guten gjekk
etter, til dei kom til ei liti stova langt inni skogen, og der
var det so fint og reint so det var svære ting. «Du er vel
svolten, stakar; vil du kje ha mat?» spurde hoppetussa.
«Aa eg er kje mett heller,■> sa guten. So sette ho fram
fyre han den beste maten han kunde tenkja.seg. Og so
vart han verande der um natti; for han tykte kje dei andre
brørne skulde faa gjera narr av han for di han var vist
burt der han fria.

Morgonen etter kom han heim. Brørne hans var alt
komne fyre og var kisteglade, for dei hadde fria og fenge
ja av tvo rike gardgjentor. «No hev du vel funne deg ei
gullprinsessa, du?» sa den eine broren med Oskelabben.
«Det var ein som sa han hadde set deg i ein laave i natt,»
sa den andre. Og so lo dei og skumpa burt i Oskelabben.
Men han berre tagde han; for hoppetussa hadde sagt at.
han slett ikkje maatte nemna noko um henne, for daa kom
det til aa gaa gale med dei baae tvo; men vilde han
berre-tegja, so skulde det nok laga seg. ■

Andre laurdagskvelden sa faren til dei at dei skulde
beda kjærastarne sine um kvar sin vest, so fekk han sjaa.
kven som var mest framifraa til aa veva. Jau det lova dei.
Oskelabben venta til brørne vel var komne i vegen; so la
lian til skogs til hoppetussa si.

«Far min sa eg skulde ha ein vest med meg fraa
kjærasten min,» sa han. «Ver urædd, du,» sa hoppetussa.
«Vesten skal eg gjeva deg; men du maa kje nemna eit
ord um kvar du hev fenge han ifraa, annars gjeng det gale
med oss baae tvo.» Nei han skulde kje det.

Dr osa: snakke om lest og fast. — Skumpa: pufle.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free