- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
13

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Eventyr og stubbar og dyresogor - 7. Hoppetussa. Tegning av T. Kittelsen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Morgonen etter kom brørne braskande med kvar sin
gilde vest. «No, liev du funne deg eit purkeskinn til
vest-emne?» sa dei med Oskelabben. Han berre tagde og drog
vesten sin fram under trøya. Men daa kunde det vel benda at
brørne gapte, for slik vest hadde dei enda a aldri set; han var
helvti gull og helvti silke. «Korleis hev du fenge den?» spurde
dei, reint handfallne. «Ja det var 110 det daa,» sa Oskelabben.

Laurdagskvelden etter sa faren at han vilde sjaa ei
skjorta som kjærastarne deira hadde sauma, so han kunde
sjaa kven som sauma vænast.

Oskelabben ut 1 skogen til hoppetussa si. «Eg skulde
ha heim med meg ei skjorta,» sa han; «veit du raad med
det?» «Gakk berre burt og legg deg-til aa sova, du,» sa
hoppetussa; «skjorta skal du faa i morgon tidleg, men so
nemner du kje eit ord um kvar du hev fenge ho ifraa.»
Nei han skulde daa kje det.

Morgonen etter var brørne ikkje fullt so kaute; dei
skjegla berre burt paa Oskelabben. Dei hadde kvar si skjorta
med, som var flunkande ny og slett ikkje verst. «No fær
du koma med skjorta di, du og,» sa faren. »Ja her er bo,»
sa Oskelabben, og dermed drog hau ei skjorta fram under
trøya. Men daa stod dei reint som ovandotne, for slik
skjorta hadde dei no ikkje set fyrr. Ho var heilt av silke,
og utsydd med rosor, og rette namnet til Oskelabben stod
paa I10 med gullbokstavar. «Men koss i verdi er du komen
til slik skjorta?» spurde baade faren og brørne. *Ja det
var no det daa,» sa Oskelabben.

Nroste laurdagskvelden sa faren at dei fekk henta
kjærastarne sine heim, so han’ kunde faa sjaa korleis dei var.
Ja dei skulde daa det. Men daa vart Oskelabben sturen,
og so la han burt i skogen til hoppetussa si og fortalde
leva faren hadde bede um. «Ja teg berre still, so skal du
sjaa det jamnar seg nok,» sa hoppetussa. No laag det
framfor stova henna r eit djupt vatn, ein halv fjordung langt
eller vel so. Um sundagsmorgonen daa dei skulde i vegen
heim til far aat guten, sa hoppetussa at det vatnet laut dei
yver. «Ja so er det likso godt eg gjeng min veg eg daa,*
OTandotten: himmelfalden, rent forvirret.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free