Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI. Fortællinger og digte - 92. Prestedagen. Av Rasmus Løland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
presten. Han stod innar med veggen og saag paa kvar
som. kom. Han var høg og svartklædd og hadde svart
skjegg. Men han var ikkje nettupp so sers vond aa sjaa
tit som dei hadde tenkt. Nei men so hadde han heller
inkje noko aa morska seg upp for enno.
Dei hadde songe, og presten og skulemeisteren tok til
aa spyrja dei største gutarne. Skulemeisteren spurde fyrst,
so tok presten i. Og det var svært som dei kunde svara
og lesa alle i dag. Stod dei fast for skulemeisteren, so
kunde dei det straks naar presten kom. Det var skilleg
som dei hadde visst um det og sote og lese i lang tid.
Men di verre vilde det verta naar han kom til deim, som sat
der som andre heidningar, tykte dei fire gutarne nedpaa
benken. Dei vaaga sistpaa ikkje aa blinka upp, etter kvart
som. radi kom lenger og lenger ned mot dei. Aller verst
kjende han Paal det. Han sat fremst, so dei vilde koma
til han fyrst, og so hadde han alltid vore millom dei som
kunde litt fyrr; dubbel skam var det daa aa vera so tosken
no. Han sat berre og stræva og tok upp atter for seg sjølv
det han hadde lært i dagmorgon, so det ikkje skulde leka
burt . . . so stod presten framfyre han som ein stor
svart rise.
Skulemeisteren spurde eitkvart; det var i hustavlerne,
so vidt han Paal skyna. Han visste daa ikkje betre raad
enn aa set ja i veg med «undersaatters pligter», som han
kunde best. Men fyrr han hadde lese ei lina kom det eit
kvast «nei, nei» fraa skulemeisteren, og det var nettupp
som dei største gutarne flein. So spurde skulemeisteren upp
atter; men daa var Paal so forfjamsa av mistaket sitt at
han korkje hugsa eller høyrde, og kunde ingen ting svara.
So spurde presten:
«Kann du lesa det fyrste bodet?»
Nei — daa kunde han ikkje koma inn paa det heller
so i snøggvenda.
Daa tagde baade presten og skulemeisteren. Paal fekk
augo fulle av vatn aa venta berre aa faa eit slag under
Øyra. Men der kom ikkje noko slag. Presten gjekk berre
Leka: lække, rende ut. — Flein, av (lina: fuise.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>