Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI. Fortællinger og digte - 92. Prestedagen. Av Rasmus Løland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
beint fraa han og tok til aa spyrja gjentungarne paa
andre sida.
Brennande heit og skjemd sat Paal etter. Det einaste
han freista aa trøysta seg med, var at dei no ikkje vilde
spyrja han meir, so han Tar komen gjenom knipetaket paa
ein maate. Men fyrr han visste ordet av, stod presten
fram-fyre han att, han spurde kor gamall han var, og var kje
det slag vond.
Jan det kunde han daa svara paa. So spurde presten
um eitkvart heimanfraa, .og det visste han og greida paa;
det var snart gjort med det som ikkje var leksor. Men
daa dei soleis var komne paa glid, lirka presten inn paa,
det som stod i bøkerne og, og daa gjekk det so underleg
til at Paal kunde svara paa det med. Var det kje rett
nettup kvar gong, so sa presten alltid at det peika i minsto
burt mot det rette, og so kom Paal strålest paa los med
det fullrette. Han vart med eitt so modig og underleg
klaar i hovudet. Han lcunde sistpaa lesa utanboka heile
stykke som han ilckje hadde drøyint um at han kunde fyrr
i dag; han skyna det ikke sjølv. Bende han seg litt fast
her og der, so leda presten han berre paa veg att med eit
ord elder tvo — so var det so godt som han kunde alt.
Presten slcrepte svært etterpaa og klappa han paa hovudet.
«Eg visste du kunde eitkvart,» sa han.
«Ja han hev alltid vore millom dei beste for sin alder,»
sa skulemeisteren og var liksom so fegen han og.
So tok dei til aa spyrja han Gunnar. Det- gjekk alltid
litt hakkut for han o g i fyrste laget, men vart straks betre,
so han kunde baade sentenser og meir. Ja um det so var
dei tvo minste, so kunde dei ein grand no. Presten kalla
dei sistpaa hæve gutar alle fire; «og eg er viss paa at de
vil verta likso hæve sid an og,» sa han.
— Det leid langt paa ettermiddagen daa dei kom ut
og var fri. Hadde det vore bleike andlit um morgonen, so
var det no laatt og gleda paa alle. Dei vart standande i
ein flokk eit heilt bil fyrr dei skildest; dei hadde so mykje
dei laut drøsa um no. Men han Paal stod berre og lo for
Paa los: i gang. — Skreppa: rose, skryte. — Drøsa: snakke.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>