- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 2 /
184

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI. Fortællinger og digte - 96. Viking Varberg. Av Andreas Austlid. Med billede av Vilh. Peters

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjenom Telemarki og seide; og naar han var ferdig, tok
han fjellet lieim til Øyfjord.

Ja, so var det tidleg ein morgon fyrst i april; han for
fraa Mogen i Telemarki, den øvste garden mot
Hardanger-viddi, og vilde heim. Fraa der er ei stiv dagsferd til
manna her nord, naar ein kann skrida paa ski. Han hadde
mat i skreppa til ein dag: eit lite spikekjøt-laar, tvo iefsor
og ein brimost-mole for tørsten. Klæde hadde han berre
det han gjekk i, og so ei oljekaapa. Han vilde vera lett,
maa tru, og fara fort. Men det kom styggevér. Han vingla
og vart sju døger paa fjellet. Inkje torde han sova; han
for natt og dag. Daa maten var faren, pitla han
reins-mose og brædde snø i handi til drikke. Og han heldt modet
uppe like til sétte dagen. Daa kjende han at magti minka.
Og no kjem det tyngste.

Jau, han hadde ei gjenta her heime, som han var fast
med. Henne vilde han svika. Han hadde gjort god handel
og gjekk med mange pengar. So vilde han fara med
eimbaaten, straks han kom heim, til Amerika. Dette var
tanken. .

Men no kasta han seg paa ei snofonn, og lova Gud
det, at kom han til folk, vilde han gifta seg med Aashild.
Han tok upp teikneboki og skreiv at alt han aatte skuldo
ho ha; daa tenkte han paa aa døy. Han bad for venei
og uvener, gjorde upp med verdi, grov seg ned i snøen
som i ei grav, og sovna av.

Den sjuande morgonen vakna han, so tidig og lett.
So glad hadde han ikkje kjent seg sidan han var barn.
Og soli skein so bjart at han tykte plent det var som eit
under. Dette var paaskedags morgonen. Han tok i og
song salmen «Som den gyldne sol frembryter», og for paa
ferdi. — Daa det leid paa dag, kom han fram paa ei høgd
og fekk sjaa eit stort dalføre, og der tok han ned. Han
for der folle ikkje hadde fare fyrr, og visste aldri korleis
han kom fram. Den siste halve mili krabba han paa iire;
føterne hans var so sundfrosne at han knapt kunde standa

Til manna: til folk. — Torste: torst. — Oljekaapa: regnkappo
av oljolcrrct. — Bræda: smelte. — Bjart: lys og klar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:12:59 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/2/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free