Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Fædrelandet - 129. Gud signe vaart dyre fedraland. Av Elias Blix
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og morgonen rann, og myrkret kvarv,
som lenge vaar lukka skygde.
Du atter os gav vaar fridoms arv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vaart folk og gav oss fred,
og landet med log me bygde.
Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me faafengt paa huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kann vaktmann oss ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
i heimen med fred og hyggja!
No er det i Norig atter dag
med vaarsol og song i skogen.
Um sædet enn gror paa ymist lag,
det brydder daa etter plogen.
So signe daa Gud det gode saad,
til groren ein gong er mogen!
Kvarv, av kverva, fors vinde. — Brydda: spire.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>