Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Natur og folkeliv - 9. Smaasporven gjeng i tunet. Av Arne Garborg - 10. Hjelpelaus. Av Per Sivle
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg liver dagar Lette
og er fornøgd, aa ja, aa ja!
Kvar dag eg fær min mette
som eg det best vil La.
Pytt, pytt, tarv aldri røa!
Nok i loa!
Der ligg den rike grøda;
der kann eg berre ta.
Og tidt eg fær i joli
ein godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg skjol i
det gode, varme lioy.
Og so — kvitt-kvitt, gomaarn!
so kjem vaaren;
daa fri paa vengen boren
eg byggjer reir paa øy.
Garborg.
10. Hjelpelaus.
Deti sumaren eg gjekk for presten, higa det seg so at
eg fekk meg ei byrsa. Han Per Seim, trimenningen min,
skulde fara til Amerika. Fyrr han strauk, kom han hit til
Kvaale og bad farvel, og daa hadde han vesle hagla si med;
henne skulde eg ha til eit minne, sa han.
Endaa same kvelden laut han Salamon læra meg lada
og taka sigte. Og fyrr det var myrkt, hadde eg alt sett
inn den eine hagldriva jamsides den andre burt-etter smid
je-veggen. Dagen etter var det sundag. Han far las upp or
gamle huspostillen hans Jesper Broehmann. Men byrsa
leika meg i tanken heile tidi. Og daa eg vel hadde dugurden
i meg, var eg iltkje sein til aa taka byrsa og leggja vegen
upp etter lidi.
Eg hadde so hugheil ei von at mindre enn ein rev kom
eg in kje att med. Ja kven kann vita, — kann bowla raaka
eg fram paa bamsen sjølv, so eg fekk gjeva honom eit skot
inn i øyra.. Det var soleis han gjorde det, guten uppe i
Nordland, som det stod aa lesa um i bladet.
Eg skal lova eg brukte baade øyro og augo, der eg gjekk.
Eg jaga upp ei kraaka; men henne var eg for storfelt
til aa bry meg vidare um. Høgt uppe saag eg ørni sigla
paa sine breide vengjer i krins kring nuten der ho hadde
reiret sitt, — trygg i verdi si eigi, dit mannemagt inkje
naadde. Men ingen bamse fekk eg auga paa, og ingen rev,
inkje ein gong ein vesall hare. Skogen laag mosen og lat i
Hagla: haglborse. — Hugheil: roli**, tryg. — Storfelt: stor
pfui det, — Mosen: varm og lummer.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>