- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
30

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Natur og folkeliv - 10. Hjelpelaus. Av Per Sivle

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

solsteiken og naut si sundags-kvild, og berre songfuglarne
uppe millom greinerne gav livande læte i stilla. Soli, rund
og raud, heldt alt paa aa siga ned til fjellet i vest, daa eg
snudde og rusla ned-etter utan eg hadde løyst skotet.
Og myrk i hugen var eg, der eg gjekk. Eg kika til alle
sidor etter ei kraaka eller skjor, am det ikkje var anna;
eg hadde meir enn gjerne teke til takke no. Men faafengt
var det. Daa hovde det at eg vart var ein liten fugl i ein
krake straks burtanfor. Han saag so glad og godtruen ut,
som han sat der paa greini og kinka og smaatralla.

Eg hadde elles jamt vore slik ein ven med(alle
sinaa-fuglar, hadde endaa meir enn ein gong lagt meg imillom
naar einkvar gutungen etla seg til aa gjera deim mein. Men
no fekk vondska yvertaket i hugen min, med ei fysna etter
aa drepa, so eg la byrsa til kinni og klemde laust.

Røyken sveiv undan. — Men eg skal tru eg vart undren
daa eg fekk sjaa at vesle fuglen sat der paa same staden.
Eg gjekk nærare burtaat, men sitjande vart han, med veiet
stydjande nedpaa greini. Eg kunde sjaa kor hardt ho stræva,
den fine graakvite bringa; av og til pipla ein liten høg-raud
prikk. Eg vart standande handfallen og saag paa. Men di
lenger eg saag, di meir vart det dei tvo fugle-augo som
klumsa meg. Dei var runde og blanke som vatsdropar;
men det var liv som blenkte i deim, blenkte og blinka ned
gjenom eit svart, botnlaust djup. Byrsa datt meg utor
nevarne. •— Og etter kvart skipa det seg som det fanst
ikkje anna der framfyre enn desse augo. Sistpaa vart det
til det, at eg ikkje- berre saag, men paa einkvar maaten
endaa til høyrde deim, — ikkje bedande, ikkje hemn-ropande;
det var som dei kviskra, men denne kviskringi kjende eg
sterkare og sterkare dirra inni samvitet og samla seg til
ei kjøvande kjensla av hjelpelaus. Daa med eitt skar
den tanken gjenom hugen, at eg vart galen um eg ikkje reiv
meg laus og fekk desse tvo augo ut or verdi. Snaapt som

Krake: kroket tre, — Fysna: Jyst, brnaliug. — Sviva (sveiv):
svinge, drive, svævo. — Veie: hale. — Klumsa: fjetre, forhekse. —
Skipa: lage. — Snaapt: fort, raskt. — Elding: lynild. — Lurk:
kjep, stav. — Tann: spænde, sprtenge. — Tyna: ødclægge.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free