- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
39

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Natur og folkeliv - 13. Sorg. Av Hans Seland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Koss er det med deg, syste?» — «Det er so vondt
som det kann bli!» — «Hev du fenge sova?» — «Eg veit
ikkje um eg dorma i-stad.» — «Fær du graata?» — «Daa
vai det inkje fyre. Her sit graaten just som ein knut.»
Ho synte med handi. «Eg fekk so vondt sjølv daa eg
høyrde det, eg tykte eg kunde gi eve til kva det var, eg
ikkje hadde fenge spurt dette.» — «Eg hev kjent det heile
tidi; eg var so rædd daa han var heime og, at lian skulde
finna paa og vilja ut att; men eg tenkte: det er so tidt ein
støkk jer seg sjølv; so vilde eg ikkje tru det.» — «Men
eg bad h»n vera heime!» sa Salve. «Er det kje nett
som det var tillaga?» spurde Vatlands-kona. «Men eg
tykkjer det var endaa vel han doydde paa land — og
ikkje for paa sjøen — so kunde han daa faa tankar fyre
seg.» — «Det hev eg sagt,-’ sa Salve. «Men k v i for
maatte han ikkje liva, han so vel som andre?»
kom det utolugt. «Me maa kje spyrja soleis,» sa granne
kona. «Me hev ikkje lov til det. Vaarherre vil raada for
sin time sjølv.

Tora tagde. Laag berre og saag stivt iramror seg.

«Du maa kje gje deg yver, Tora! No ■skal du tenkja
at han hev fenge det godt, og at Gud tider hev gøynit
han i fanget sitt. No vil ikkje Ola byta med nokon av
oss for aldri det. Eg er viss paa han tykkjer ikke nokon
ting er leidt 110, anna det at de syrgjer so paa han. For
me maa trn at Vaarherre skynar paa deim som er gode
mot foreldri sine!» — «Han visste aldri det beste han vilde
gjera oss,» sa Tora; augnelold hogde. «Eg skal aldri
gloyma ein gong han og Martin vaar hadde vore i byen!
Det vart noko seint fyrr dei kom til oss; regnde gjorde
det, og myrkt var det, som sagt, — eg vilde plent han
skulde gje seg til hjaa oss um natti. Men ikkje um dei
hadde bode han aldri det! Nei: «mor kunde bli rædd
for meg; — mor kunde taka seg tankar at eg var komen
noko til!» Det var so vidt han vilde heftast til eg hadde

Koss: hvorledes. — Inkje fyre: ingen sak. — Støkkja:
skrienimc. — Sovoren: slik. — Tagde, av tegja. — Martin, sønnen
paa Vatland. — Hefta: hindre, stanse.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free