- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
87

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Fra norgeshistorien - 33. Danskarne reinskar Lomskyrkja. Av Kristofer Janson

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Sjaa her er den krossen som akal sveitta jonsoknatt,»
sa ein tridje, eom kom med ein stor kross; «no fær han
nok lukka til aa sveitta dagstødt, naar han kjem i Bøvra.»
Dei andre log.

«Skjemst de ikkje aa tala slikt?» sa ein gamall
kvit-hæring, som heile tidi heldt seg aalvorsam og ikkje vilde
vera med og bera ut; «eg tykjer det er spott og skam at
kr iste folk skal vera nøydt til aa gaa med paa slik ferd.
Gud hjelpe oss alle saman, fær me kje saart angra dette
ein gong.»

«Han Gunnar er no mest som katolik endaa han,» sa
ungguten; «han skrapar maalingi av bilæti og gjev kyrne
i surpa naar dei skal bera.» Dei andre skratta.

«Aa teg still, du di spe-kraakal» svara gamlen harm,
<eg var vaksen kar daa du endaa laag og saug som ein
kalv. Eg held meg no til den trui eg likar best, anten ho
so er gamall eller ny; men no skal.ikkje det gamle duga
lenger, maa vita.»

«Hev de set ein naseløysing fyrr, gutar?» sa den
tjukkfalne karen og kom beran.de med eit duftut M ari a
-bilæte i gyllt kaapa med larma paa hovudet, der nasen var
av-dotten. «Sjaa kor kjøn og keik ho sitl Men det nyttar
deg inkje, gamle mor; du lyt i fossen lei.»

«Aa, lat Gunnar faa skrapa litevetta av forgyllingi
fyrr ho stryk; so hev han helsebot til lange tider,» sa
ungguten. Dei burt aat Gunnar med bilætet.

«Gakk burt med dykk!» ropte gamlen harm, og skumpa
detm ifraa seg; «eg segjer berre som eg hev sagt: agte
dykk, at de ikkje fær svida for denne dagen. Gud vere
oss naadig og take sin vreide fraa oss 1» Og gamlen ønudde
seg ikring og murra ei bøn.

«Kva er det de stend her og røder um?» ropte futen
og kom ridande burt. «Vil de berre ajaa de kann forta
dykk, so me ikkje skal faa heile kvefsebolet paa ossl»

Dei inn i kyrkja att, og no gjekk det snøgt; tavlor,

Bøt r a (utt. med enstav. tonelag), elv som fra Bøverdalen render ut
i Otta tast Ted Loms kirke.— Spe: spot, gjøn. — Duft: stev. — Kjøn
og keik: stolt og stiv. — Skump»: skyve, puffe. — K vef s: liveps.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free