Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Fra norgeshistorien - 33. Danskarne reinskar Lomskyrkja. Av Kristofer Janson
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
andre treiv ljaaar og øksar; unggutar, gamle kallar, kjeringar
millom kvarandre.
«Kva er det? kvar er det? er det varme laus? Aat
kyrkja!»
Heile den upp-øste liopen kom veltande som ei skrida
og etter futen, som alt var paa veg med lasset.
«Der fer dei med gudarne vaare,» skreik nokre kjeringar
og slo seg for bringa.
«Der er Sankt Jetmund, som gjorde Hallstein god att
for ryggverken.» — «Og der er jomfru Maria, som hjelpte
meg i barnsnaud.» — «Dei fer aat elvi med deim!»
Kjeringarne flaug skrikande etter kjerra, sunie gret og
jamra seg og reiv seg i haaret, andre vende seg og eggja
mennerne sine fram.
«Gakk paa deim! Skulde vera mann og tola slikt! Lat
deim smaka økshamaren! Ned med danskarne! ned med
futen!»
«Ned med danskarne 1 ned med futen 1» svara
manns-kopen og svinga øksarne og staurame.
«Køyr paa! køyr paa! velt lasset i fossenI» ropte futen
og reid fram; «slaa ned dei bondebundarneI»
Fram valt bondehopen; dei bua, dei truga, dei fylgde
med, men ingen hadde mod til at gaa paa. Dei kasta
berre ein og annan steinen inn i futeflokken.
«Att-ende,» ropte futen, snudde hesten og drog sverdet;
«fylg no meg, karar, skal me sjaa um me ikkje kann faa
veg.» Dermed sette han sporarne i hesten, reid midt inn
millom deim og slo til baae sidor, med flatsida av sverdet;
halvparten av folket hans etter med rop: «Fram for
husbonden vaar! slaa ned! slaa ned!»
Størsteparten av bondehopen sprang rædd til alle sidor,
kvinnfolki treiv borni sine og flaug skrikande, surne tokka
seg stig for stig og slo ifraa seg. Daa sprang ein ung
staut gut fram og dreiv til futen yver armen med ein staur;
men i same stundi seig lian blodande att-ende, med eit hogg
i bringa, og mori kasta seg jamrande yver honom. Men
daa bønderne saag blodet og høyrde hemnropet fraa mori,
Upp-ost: ophidset.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>