- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
143

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra verdenshistorien - 45. Ei ferd til Attila. Av H. Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

.bordet til vinstre, og der fekk sendemennerne fraa keisaren
sæte. Daa alle hadde sett seg, flidde bordsveinen aat Attila
ei skaal med vin til han, og han helsa til den finaate
gjesten og drakk; kongsraaden stod straks upp og tok ei
vinakaal og drakk att til kongen. So kom radi til
sende-mennerne, ein for ein, og so til dei andre gj esterne etter
stand og sæte. No vart maten innboren. Attila fekk inkje
anna kjøt paa ein tredisk, og vinskaali hans og var av
tre. Men gjesterne fekk baade braud og annan tilmat
att-aat kjøtet; dei hadde sylvdiskar, og skaaler av sylv eller
gull. Daa dei hadde ete fyrste retten, kom bordsveinarne
med vin, og so drakk Attila med alle gj esterne att paa
same gjerdi som fyrr. Etter næste retten kom det ein ny
umgang med drikking, og daa tok gj esterne til aa kjenna
det i hovudet. Um kvelden, etter kyndlarne var sette upp,
kom det inn tvo skaldar, og dei kvad paa hunemaalet um
Attila og storverki hans. Hunarne som var der, vart sterkt
uppglødde av songen; det gneista vilt av augo deira, og
mange gret. Etterpaa kom det inn ein galning og gjorde
dumme strik, so alle lant læ. Og endaa meir log dei, daa
det kom inn ein avskapleg negerdverg og heldt ei tala til*
Attila paa eit snodigt blandingsmaal av hunsk, gotisk og
latin. Attila sat i medan still og aalvorsam, og ein saag
inkje ei rørsla i andlitet hans. Men daa den yngste sonen
hans kom inn og gjekk burt aat han, lyste det upp i augo
hans; han drog han inn aat seg og kneip han mildt i kinui.
Priskus boygde seg burt aat ein hune som kunde noko
latin, og spurde laagt kvifor denne harde mannen var so
blid imot denne gutungen. «Det skal eg gjerne segja deg,
um du vil tegja still med det,» sa hunen. <Spaamennerne
hev spaatt kongen at ætti hans skal doy ut med dei andre
sønerne bana; men med denne sonen skal ho verta uppattnya.
Difor er han so glad i han.» Ved midnattes tid tok
sende-mennerne farvel og gjekk; men dei andre gjesterne heldt
paa til ljose morgonen.

Sidan gjorde Attila eit nytt gilde, der defc gjekk like
eins til som i det fyrste. Og dronningi gjorde eit gilde,

Kyndel: lys.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free