- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
142

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - V. Fra verdenshistorien - 45. Ei ferd til Attila. Av H. Koht

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vil gjeva meg alle rømingame, eller um dei heller vil
ha krig.»

Dermed var samtala ute, og den eine sendemannen
maatte fara burt att. Eit par dagar etter gav Attila seg
sjølv paa veg nordetter til hovudstaden sin, og dei andre
sendemennerne laut draga etter. Paa vegen fekk dei kje
stort anna til mat en hirse, og til drikke fekk dei mjød og
surmyse. Det var fullt med myrar og elvar der dei for, og
dei sleit mykje vondt med regn og væte. Det tok yver
aatte dagar fyrr dei naadde fram til hovudstaden aat Attila,

— venteleg ein stad millom Donau og Teis. Der laag
tre-borgi aat kongen uppaa ein haug, synberr for alle med dei
høge taarni sine; ein høg skigard gjekk utanum heile borgi,
og like eins stod ein skigard kringum sjølve huset aat Attila.

Kongen kom straks etterpaa, og han reid inn i byen
med stor høgtid. Alle kvinnorne hadde stelt seg upp i tvo
lange rekkjor og heldt kvite dukar upp imillom seg; der
under gjekk unge gjentor og song lovsongar aat kongen.
Kona aat den øvste kongsraaden gjekk fram imot kongen,
og baud han ei skaal med vin, og spurde um ham vilde eta.
Han var naadig og svara ja, og so lyfte fire karar eit
sylv-bord upp til han, og han sat paa hesten og aåt av retterne.
Etterpaa reid han inn i borgi si.

Næste dagen var Priskus ute og saag seg um. Den
fyrste han raaka paa, var ein grækar som hadde slege seg
ned hjaa hunarne. *1 romarriket», sa han, «maa folk
kjøpa retten, so dei fatige ingen rett fær; men her er rett
for alle.* Og ei stund etter fekk Priskus sjaa Attila kom
og sette seg utanfor huset sitt, folk rende til med klagome
og sakerne sine, og Attila sa domen sin for deim alle i hop.

Um ettermiddagen baud Attila sendemennerne til gilde
’hjaa seg. Dei kom inn i eit langt rom med mauge
smaa-bord i rad. Midt i var det sett upp ein tram, og der hadde
Attila sitt bord for seg sjølv. Med same gjesterne kom i
døri, stod det vaktmenner og gav dei kvar si vinskaal i
handi, og den maatte dei drikka ut til helsing for kongen.
ITinaste sessen var attmed bordet til høgre for kongen; der
sat den øvste kongsraaden. Næstfinaste sessen var attmed

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free