- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 3 /
254

(1909-1912) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Natur og folkeliv. Digtning - 91. Brurferd i Telemarki. Av Vetle Vislie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

91. Brurferd i Telemarki.

Den gamle stavkyrkja ligg der, liti og laag under all
den snø, som ein gamall draum, tyngd av den harde
vinter-skuggen nede i dalen.

Skogen stend myrk og breid ikring og langt ut’ etter
inoame, tunnare uppe i halli; yver aasar og fjell lyser det
av den drivande kvite snoen, og attanfor stend høgfjelli
med sno paa hovudet i lysande kveldsol.

Ein smal koyreveg med høge brauter nede med elvi. Is
og snø ligg yver; berre i fossarne hev isen krava seg upp,
og ein kann endaa høyra kor det sukkar og syng der nede.

Uppe i halli paa solsida store og smaa gardar med laage
hus, svarte eller brune veggjer og smaa grøne glas-rutor.
Lyder ein vel etter, kann ein liøyra gnelle øksehogg fraa eit
vedskjol, eller taktfaste slag fraa ein laave.

Men so skjer det seg eit rop gjenom stilla, so dverg
maalet svarar. Eit «hei» og eit «hau», og so ringel av
duinbjolior, og inn irnillom gnelle kvasse rop.

Kjem dei so hit paa brotet, høyrer ein feleljod biandar
seg med bjollelaaten.

«Hau, gjestebod!»

Der kjem ei heil rekkja med hestar . . . 20—30—40 i
rjukande traav. I dei rosemaala karmsledarne sit kvendi,
inntulla i plagg og med feldar yver seg, og paa meiarne
stend karar i kuftor eller blaa troyor, med store skjerf og
lodne luvor.

Dei stansar liestarne paa kyrkjebakken, og kvendi stig
ut, Bind so hestarne og gjev deim høy, mediin dei andre
gjeng i kyrkestova.

Um ei stund gjeng so ferdi aat kyrkja; fyrst
hjaaset-mannen, so brndgoinen og andre fylgjesmannen, so
brure-sveinarne og den eine av fylgjes-konorne, og so bruri, so den
andre fylgjes-kona, og so skyldfolk ned-etter.

Hall: heldning. — Braut: bakke, elvebakke (uabriuit;. — Krava
seg upp: svelle op. — Dvcrgmaalet: ekkoet. — Gnell: kvass,
kvinende. — Iirot: brekke, bakkekant. — Gjestebod, her- bryllup. —
IIjansetmauden: den manden som sitter nærmest brudeparret. —
Fylgjesmannen: bruriesvenden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/3/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free