Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IX. Natur og folkeliv. Digtning - 93. Paa sjølvstyr. Av Rasmus Løland
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det var alt samla ei heil mengd med folk fraa alle
gardarne, som hjelp te til paa kvaar sida. Det vart ei hard
ferd upp-yver, som venteleg var. Treet gjekk i kav nppi
broti, so dei noltre gonger snaudt saag att-i det. Men Tom
sat fast som ei kjempa, og tok mot støytarne fram an for den
vesle; og det var ingen vanske aa halda farkosten midt i
straumen, naar dei drog jamnt og varsamt paa kvaar sida,
Dei var soleis snart komne npp-um dei verste broti; so drog
dei varleg inn mot land paa denne sida.
Nye glede-rop tok mot dei tvo; kvendi takka Gud, og
npp-i bakken kom mori springande og gret av gleda. Ho
hadde vore so forkomi av rædsla, etter ho kom til seg sjølv
att uppmed elvi, at dei hadde lote hjelpa henne heim, og
ho hadde sidan ikkje orka aa gaa ut og sjaa noko, fyrr
ho no fekk vita at det bar til liv og berging.
Men som han saag ut, artningen! Han hadde nok
daana att av alt vatnet; han taag som ein naae innunder
armen paa Tom, silande av vatn; armarne hekk slakke ned.
Paren sende i fljugande farten ein mann etter doktoren,
som budde straks ned-i dalen; sprang so ut paa torvorne
og tok mot guten daa Tom hadde løyst han or greinerne.
Men kva var dette? leva i all verdi . . . Han vart
standande og stirde paa guten, og daa mori i det same kom
og vilde taka han i armarne, heldt han henne att-ende.
Guten var noko større enn han skulde vera; han hadde ei
fæl, lappa brok paa seg, og gamall skurv i nakken . . .
Men endaa underlegare var det daa der i det same
kom tuslande ein liten gut upp-i bakken og ropte ned-yver.
Han gjekk med ein stor koll av ein gamall sydvest paa
hovudet, men var elles Robert ljos livande.
Rasmus Løland.
I kav; under i vandet. — Vanske: vanskelighet. — Lote,
avl jo ta (nu tid: lyt): niaattet. — N’aae: dødning, lik. — Koll:
hattepull.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>