Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. Norge i arbeide - 101. Gamle Langrusten. Av Ivar Kleiven
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vanken med han var berre liten, og 80 hadde han vel
gløymt reint burt baade far og mor og alt ihop. Korleis
det no hadde gjenge til eller ikkje, so visste han ikkje det
minste um si ætt og skyldfolket sitt, korkje daa eller seinare.
Soleis kom han Per Langrusti inn i bygdi.
Paa ein av gardame uppi Skogbygdi vart dei huga til
aa ha han til gjætar aat smaafeet, og med di at guten
var baade folkeleg og dygdig, kom dei til aa lika han so
godt at han vart verande der paa garden i mange aar.
Jau so var det eit aar med han var der paa garden
__han var no vaksen kitr vorten so-vidt — at han tok paa
aa gjera seg ei kista til aa ha dei vesle eignatingi sine i.
Daa han hadde gjort ferdig tre-verket, tok han til aa smida
jarningi. Seint gjekk det; for baade laut han læra seg
upp, og so gjera arbeidet i fristunderne sine, maa vita, han
som var tenar. Men sist fekk han kista si ferdig, og daa var
det eit slikt kjerald at folk laut til aa glaama. Slikt
stned-arbeid som paa den kista tykte dei ikkje dei hadde set
maken til. Baade laaset og henkerne og kvart eit jarn var
so skirt smidde som dei skulde vore støypte, og so var det
so utor maaten felleleg ei gjerd paa kvar einaste ting.
Ingen hadde venta at der budde slikt i han Per. No var
det ingen vande aa sjaa kva han var skapt til.
Det var som i 1740, eller straks fyrr, at han Per flutte
burt i Langrusti, og ikkje lenge etter var det at han gifte
seg. Og so bar det til aa setja seg i stand med ambo av
al 1p slag; for no skulde det verta anna stell enn daa han
f6r att og fram i gardarne, der dei sume stader hadde noko
til ambo, og sume stader inkje. Noko med det fyrste han
gjorde i Langmst-smidja, var eit skruvsted, og det er til
endaa. Det er vel brukande; men det syner no at det er
gjort i skundingi.
Daa det var bygt ny kyrkja i Heiddalen i 1751, var
han Per Langrusti med og smidde alt Bom til vilde.
Taarnknappen, spiret og laasi paa døreme er hans arbeid
Jarning: skoning. beslag. — Kjerald: kar. — Bonk: haandtak.
— Skir: klar og ren. — Felleleg: laglig, høvelig. - Ambo eller
ambod: redskap.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>