Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. Norge i arbeide - 101. Gamle Langrusten. Av Ivar Kleiven
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
alt saman, og det er arbeid som ikkje skjemmer ut kyrkja,
skal eg tru. Fløyi paa spiret er makelaust vakker; det
bgf,r tvo piler i kross, med mange slag fine krullar umkring,
og inni ser. du namnet hans Fredrik V hogge soleis at det
kann lesast baade aat høgre og vinstre.
Ei og onnor gravstytta av jarn med innhoggen lesnad
er det att etter han Per, og dei styttome hev han lagt
stort arbeid paa. Som paa alt anna han gjorde, er det ei
eigi gjerd paa deim med, og dei er baade staute og kunstigt
gjorde. Eitkvart slikt laut han gjera noko um senn; men
dess-forutan dreiv han paa og gjorde byrsor.
Kor mange byrsor han Per gjorde, det hadde han vel
ikkje tal paa sjølv; men mange var det; det er att grovt
mange «Langrust-pipor» i bygdi endaa. Det var mest haglor
han arbeidde, og det kann henda det var spurlag etter deim I
Ja eg segjer reint ut at eg hev ikkje set fallnare haglor
heller, paa den gjerd i dei er, og eg skulde kjenn a att dei
likaste, um dei var millom mange hundrad andre. De skulde
berre sjaa gravingi paa piporne og laaai! For dei kan gjorde
seg mest fyre med, gjorde han gravingar baade attast og
fremst paa pipa og paa fleire stelle. Heile laaset grov han
mest stødt, og sidan kvart eit jarn paa stokken. Og hans
make til aa grava jarn hev eg ikkje høyrt nokon hev set.
Det er nokon kvar baade fyrr og sidan som hev fare og
grave; men naar det kjem attaat det Langrusten grov, vert
det berre som rot aa sjaa paa. Han hev vore makelaus til
aa bruka gravstikka! Det stend so skirt og fint som det
skulde vera stempla paa sylv. Og aldri skal du sjaa ein
skakk krull eller eit vanskapt blad, ikkje ei einaste rosa
som ikkje høver.
Korleis han Per berga seg burt-i Langrusti, hev eg
aldri høyrt um; men det er von til at han kom godt igjenom.
Det skulde vera fælt brysamt for honom aa faa seg det
jarnet han trong i fyrstningi. I dei tider køyrde dei heim
jarnet fraa Grunset-marknaden; men det var i lang tid han
Krull: snirkel. — Dm senn: om gangen, efter haanden, —
Spurlag: cftersporsel. — Fallen: villaget, — Grunset, i Elverum
i Østerdalen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>