Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa alle kantar, rundt hagen og up-etter skogkanten, sende
til slutt folk heilt burt til alle gardarne. Men det var alt
like faafengt. Han var ingen stad aa finna, og ingen hadde
set han. Det var som lian var sokken i jordi. Eller
i . . .? Ingen vaaga rett aa nemna elvi; men alle tenkte
paa henne. Ho var so stor i dag og lloymde yver alle
stader . . . hadde han tumla seg ned paa den leidi, so kunde
det verste snart vera gjort. Faren var likbleik, mori kom
ut og ropte Gud kjelpe seg, og litt etter var dei nedmed
elvi alle saman og leita alle stader, upp-etter og ned etter.
Der var ingen ting aa sjaa der heller; men det var heller
ikkje aa venta, hadde han dotte ut-i.
Dei stod til slutt forfærde og berre saag paa kvarandre;
faren for upp-yver att og vikle endaa ein gong upp i skogen.
Daa høyrde bau rop og skrik fraa folki nedmed elvi. Han
sprang ned att, og saag det fyrr nokon fekk segja noko:
det kom rekande eit tre midt ut-i elvi, og millom greinerne
paa dette hekk eit menneskje — ein liten gut med brun
hatt; han skreik og kava med arm arne og saag mot land.
Alle skyna med ein gong kven det var; dei kjende hatten.
Mori datt i uvit, dei andre sprang forvildra att og
fram. Hadde det vore ei gaata korleis guten var komen
burt, so gjekk dette endaa meir yver alle sitt vit.
Men her var kje ein augneblink aa spilla. Det hovde
seg so heppe at der laag ein fiskepraam uppdregen straks
ovanfor; mannfolki sprang upp-yver og var att-ende med
han paa mindre enn ein minutt. Men berre denne vesle
heftingi var for lang. Straumen gjekk so fort at treet alt
var kome eit heilt stykke ned-uin der dei stod, og fekk dei
kje berga guten no straks, so var all von ute. Fossen —
det var ikkje so langt ned til den, og den som kom i den,
han kom ikkje livande att. Dei høyrde dunet alt hit no i
flaumen; govet stod som ei kvit skodda upp-yver, og eit
heilt stykke upp-etter fraa fossen var det stygge straum-
brrit og kvite skavlar midt i elvi. Og no hadde treet ikkje
so langt stykke att ned til det fyrste brotet.
Men no var dei ferdige med praamen og; tvo-tri av
dei sterkaste mennerne sprang ut-i og skauv han som ei pil
Dun: dnndcr, dur. — Brot (i eJv): et litet fald, stryk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>