Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i nord tok det til aa skyast. Stigen var smal, men greid;
UPP og ned og ut og inn millom steinar og store urd-hol
slengde han seg ined lisfig kunst; her og der maatte
folke-inagt ha vore aat med han; men det var tydelegt at geiti,
etter Vinjes ord, hadde vore fyrste vegmeisteren. Og meir
og meir geitevilt vart det; han skulde kje gaa i draumar som
her vilde koma fram med heile bein. Som eg gjekk der
slik og vippa og vog, smatt det fram under ein hag stein
ein liten glatt brun mann, svarthærd, graaklædd, fillut og
bøtt, med pose paa rygg; etter han ein liten glatt brun
gut, endaa meir fillut og bott; so ein lang graa slamp,
ljoshærd og graaoygd og altfor lite bott, med byrd paa
rygg, cg yver oksli eit kippe med blekk-kjélar og spann, som
illblenkte i soli; so eit par brune skitne gjentungar,
halvnakne, og til sist eit likbrunt kven de med store svarte augo
og biksvart tjafsehaar ned-yver panna og øyro, og paa
ryggen ein unge i ein aaklæd-tull. Der stod me. «Godt
mot!» sa dei; men noko sers godt mot var her inkje.
Stigen var so smal at det berre var rom for ein og ein;
og hol i hol var det baade ovanum og nedanfyre. Det var
ein framifraa lagleg stad til aa tyna ein mann. Milevidt
til folk, urdi stengjande rundt ikring, og nøgdi med gravhol
aat liket. Dei kunde knatta meg ned her som ein sau;
den eine kunde halda, den andre slaa; og vilde dei sjoda
sod paa meg, hadde dei kjeraldi med seg. Eg stod og tok
maal av deim: kor djerve kunde dei vera? Og dei stod
og tok maal av meg: kor mykje kunde eg vera verd millom
brer? tenkte dei visst. Noko attum meg fekk eg auga
paa ein flat stein; den steig eg ut-paa, so vegen vart
fri; dei takka og velsigna, men dei gjekk inkje. Det hadde
kje falle mange ord. Men no tok den vesle brune til aa
tala. Lett og glatt og lite truandel Det var um ein praam
som dei hadde laant, og um vegen, som vart verre og verre
upp-etter her; um eg daa inkje vilde gjera so inderleg vel
Vera aat med: være i færd med. — Vog, av veg a, her: holde
sig i likevegt, halansere. — Svarthærd: med svart haar. — Bota:
stette hot paa, lappe. — Mot: mote. — Knatta: hugge, smaahugge. —
Sjoda s6d: koUe sodd.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>