- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
90

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for Guds skuld aa taka denne praamen med meg upp-yver
til gards att, so slapp eg lettare fram sjølv med? Dette
samtykte dei alle med mange fakter og my kje augnebruk,
og snart stod heile flokken der og olstra um denne
praamen, Eg svara ha og ja, berre ventande paa kva som meir
skulde koma. Det kom inkje meir; men dei gjekk. Takkande
og velsignande kvarv dei i urdi, som dei or urdi var komne.
Dei hev inkje verdsett meg høgt, tenkte eg, og gjekk til
inin kant, Usætande, løynfule folk. Store barns-ungar og
skarvepakk. Dei hadde stole ein praam. No venta dei
eigaren etter seg, og viltle stagga han med aa senda meg
imot han, liksom det vert sagt at dei staggar skrubben um
vintren med aa kasta borni sine til han, eitt for eitt. For
barn kann dei alltid faa att, men inkje livet. Men meg
skulde dei inkje narra. For meg skulde visst tjuvegodset faa
staa der det stod, — Ein halv times tid etter sat eg i
praamen. Stigen var komen burt for meg, og mindre og mindre
fram kjømd var urdi vorti, so eg fekk nok berre taka den
hjelpi som baudst, og takka til. Ein fekk inkje vera so
strid paa det fier i heiarne. Ingen ting so gale det ei var
for eitkvart godt. Det kunde koma vel med at det vart
stole praamar og, stundom.

Det var elles ingen praam. Det var ei eikja, firkanta,
flatbotna, breid som ei liti ferja, ihopslegi av planke-endar,
Aarame var lange som master til ein seksærings baat. 0<r
endaa rakk eg knapt ned i vatnet med deim, naar eg sat
midt paa tofta. Der laag eg daa og sleit, stundom drivande
og svivande for straum, stundom paa grunn paa ei sand-øyr
inn-med land, og so stykkjom-til frametter i smaae slag yver
djupe logne loner. Det gjekk tyngre og tyngre; og
blaast-ren auka paa. Som rovfuglar kom vindflagorne dettande
ned-yver meg, tok hatten, svinga eikja, svartna som skuggar
ned-etter elvi, med sjoging og skval. So snart eg saag det
var gangande paa aabreiddi att, drog eg eikja i land og

Olstra: tale høit og ustanselig i en dur. — Kverve: forsvinde

— Usætande: upaalidelig. — Fram kjømd eller fr a ra k j ø m: frem
kommelig. — Stykkjom-til: stykkevis. — Lon: dypt og stilt vand

— Sjoging: susing. — Skval: susling, skvalping.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free