- Project Runeberg -  Læsebok for folkeskolen / Del 5. Byutgave /
233

(1909-1912) Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ole Bull hadde alt vore fjortan dagar i byen. Tnkje
aatte ban matbiten, og arbeidde gjorde ban som i sotte-rider,
og spela til ban sovna med fela um kvelden. Daa gjekk
fru Rossini gjenom den vesle gata. Ho stana og lydde
etter dei løyndomsfulle tonarne. Kven kann dette vera?
spurde ho. Ein ung nordlending, fortalde verten. Men
slikt eit spel! Det var visst barpespel. Nei, det lyt vera
ei fela, sa ho, reint ei gude-fela. Ho er god for baade
Malibran og Bériot. Av stad til Zampiéri.

Klokka er 10 um kvelden, og Ole Bull hev alt. sove
i tvo timar. Daa vaknar han, for det kakkar paa døri,
og framfor sengi stend ein staseleg kar. Det er Zampiéri
sjølv, den mest musikalske av alle italienske adelsmenner.
namngjeten fraa Alpefjelli til synste odden i Italia. Han
bad den ukjende spelemannen leika paa fela aat seg. Jan,
detta var mannen. No maatte fru Malibran gjerne ha
hovndverken sin, ropte han. Bull laut upp, og fylgde med
Zampiéri, fekk inkje stunder til aa byta klæde ein-gong.
Han visste snaudt um han var vaken eller han berre drøymde.

Storteatret var fullt, og konserten var byrja for ei god
stund sidan. Fru Rossini hadde nett sunge, og fagnad-rop
og handklapp fyllte romet daa formannen kom inn med
den namnlause ungdomen.

Det var glimande upplyst. For ei slik samling hadde
han aldri spela fyrr. Der var adelsmenner og adelsfruor,
line gjentor og staiite menner. Bériot sat med handi i fatle.
Der var og sjolve storhertugen av Toskana. No kjende
Bull at han var vesalt klædd; men han tenkte inkje, berre
drøymde; lian var plent som oskeladden paa eventyrslottet.

Kva skulde han spela? Hau visste det ikkje, men
det kom av seg sjølv. Han blinda att og spela seg sjølv:
sine eigne tonar, ville, tunge, klagande og sutsame, si
hjelpeloysa og sin tvil, si eigi sjælesott, sin eigen brand.
Men so blenkte freden gjenom sut i, og han fekk større
magt di lenger han spela. Det vart som barnegraat, som
dogg i dalar ein sumarmorgon.

Nor «1 le il din g, her: en som er fra nordlandene. —* Blind a a 11:
lukke einene. — Sutsam: sorgfuld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:13:31 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/lffrolfsen/5/0233.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free