- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
26

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

So vart katta atter beden til bords i kongsgar-
den — eit bord som var både fint duka og dekt
med sylvskeier og sylvknivar og god mat. Men just
som katta hadde sett seg til bords tulla ho saman
duken og alt i hop og vilde reise heim med ein gong.

Medan katta sat til bords hadde kongen tenkt
seg um og var komen på det at han skulde slå lag
med katta og fylgje dotter si til Herrik Perrik
Nøland då med det same. Og dette hadde katta
inkje noko i mot, men ho vilde gjerne traske til
litegrand i fyreveg so Herrik Perrik Nøland kunde
få visst um kva storfolk han hadde i vente. Og
dette tykte kongen var rett tenkt av katta og gav
seg litt tol fyrr han tok på veg.

Då katta var komen eit stykkje på heimveg,
råka ho på ein gut, som gjætte so mange kalvar
at dei skyggde for soli. «Kven eig alle desse kal-
vane?» spurde katta. «Å det er no jutulen i berget,
det», svara guten.

«Å kjære vene, segg at det er kalvane hans
Herrik Perrik Nøland, når eit stort herskap no
trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av
meg», sa katta.

«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten.
Og so fekk han ein sylvkniv.

Då katta var gått eit lite stykkje veg att, råka
ho på ein gut som gjætte so mange kyr at dei
skyggde’ for soli. «Kven eig alle desse kyrne?»
spurde katta. — «Å, det er no jutulen i berget,
det», svara guten.

«Å kjære vene, segg at det er kyrne hans Herrik
Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast kjem
etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.

«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten.
Og so fekk han ein sylvkniv.

Då katta var gått eit stykkje veg att råka ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free