Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
95
var det smått med. På slik vis fekk dei tvo gran-
nane fram mykje arbeid for lite utlegg.
Äverka — avvirka, hogde tømmer, truleg og ved.
OLA SJERSANTENGJO
Haugagjentone gjer gjerne ei tenesta mot dei
kristna-gutane dei likar. Ole Sjersantengjo i Gol
var fehandlar og hadde vore i Gudbrandsdalen etter
ei fedrift. Ein stad uppe i åskanten i Valdres kom
han under med at han hadde mista tvo kyr, som
han ikkje kunde finne att alt han leita. Han heldt
på gi seg på det og skulde til å drive att, på vegen
heim til Gol. Då stod det brått tvo vene gjentor
fram fyre honom, og den eine sa: «Ser du ikkje
kyrne som går her uppe i lii?» og peika på tvo kyr
som gjekk eit børseskot undan og jafsa og åt. Med
det same var gjentone som blesne burt. Hauga-
folket hadde teke kyrne ser du, men gjentone, som
likte Ola hadde lura dei andre og ved ei eller annan
kvinnelist fått kyrne ut att or haugen. Det går
mangt for seg bak kulissone både hjå haugafolket
og hjå oss.
HØGSET-GUTEN
Høgsetguten var ein fehandlar frå Liagalo i Åls-
gjeld. Ein gong han var «nora fjellet» på handel,
var han ille ute, fordi han vart tobakslens. So møtte
han ein lærdøl, som han bad um ei skrå. «Ja, men
denne kostar pengar», sa lærdølen og tok fram
tobaksrullen. Det fekk ikkje hjelpe det, meinte
Høgset’n. Lærdølen skar ei skrå til han, og Høg-
set’n betalte med seks skilling.
Ein gong seinare råka det seg slik at lærdølen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>