Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
96
hadde køyrt hesten sin gjenom isen nede på elvi
då Høgset’n kom framum. Lærdølen ropte på hjelp
og sleit på hesten alt han orka. Høgsetguten hjelpte
til å få hesten upp att. «Kor mykje skal du ha for
hjelpi?» spurde lærdølen. «Tvo dalar», svara Høg-
set’n. Lærdølen pruta, men so meinte han på det
Høgset’n, at det var ikkje verre ved det — det
gjekk no an å få hesten ned att i holet, og då fann
lærdølen fram 2 dalar. «No fekk eg att dei seks
skillingane med rentur», sa Høgsetguten.
GEITESTUGU
På Narumsgarden på Gulsvik står det tvo eld-
gamle hallingstugor — truleg dei eldste i Flå, der
det elles ikkje er teke vare på sers mange samle
hus. Den nedste av desse stugo blir kalla Geite-
stugu. Namnet er nytt, påfynster av turistar og
ukjendt i bygdi.
Tak og veggjer i stugo er måla innvendes. Det
er avbilda ei heil horg gjeitar, difor har ein funne
på å kalle ho — gjeitestugu.
Frå fyrst av var det, som vanlegt i sers samle
hallingstugor, pallar eller låge benkjer kring heile
stugu. Taket blir bore av ein 18—20 tumar trek
møningsås og 8 sperr frå kvar side på denne. Kruna
er noko spe og har upphaveleg havt ei innskrift,
som no for det meste er måla over. Utan for inn-
gangsdøri er det ei sval.
På veggine er det måla gjeitar, som sagt, og
kvinnor som rid på gjeitar. Ein stad står det skrivi
på veggen: «Denne Ober Offiser Staar med sin
Spontaang I sin venstre Haand For Di han Chom-
manderer dise Gieder». I stugo står det eit kråskåp
som er like gamalt som sjølve stugu. Ovanfor står
ei annan gamal stugu. Frå gamal tid var det glas
med blyinnfatning i stugo og dørane er låge. På
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>