Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
204.
kjæringar var jamt so eitrande vonde, at berre dei
såg på ei kyr, sette dei vondt på henne so ho mjølka
blod. Denne ureine mjølki skal ein tøme ned tett
åttmed ein jordfast stein, ein skal berre brette torva
til sides.
Når trollkatten går framum ei stølsbu spyr han
på veggen der, dette kallast trollkattspy, det ser
ut som smør i grøypingi. Blir mjølki snart tjukk
og seig, skulde ein ta noko av denne og ause ut
over tri dørstokkar og so hogge noko ripor i dør-
stokken med ei øks.
At mjølki vart seig, kom seg jamt av at ein hest
hadde stirt ned i mjølkebytta.
Dersom ei kyr vart halt, spadde ein upp ei fir-
kanta torve der kyri hadde tråkka med den skam-
ferte foten, stakk den same foten gjenom torva,
der etter stakk ein torva inn på ein stake eller
staur og reiste upp på fjøstaket eller ved støls-
vegen. Det er ikkje so rett lenge sea det stod rad
og rekkje av slike staurar ved stølvegane både i
Hemsedal og andre stader.
Dersom ei kyr stod sturde og inkje åt, glødde
ein ein skjerding som var ervelut og la over ryggen.
på kyri.
Ein slags sjukdom som jamt vart kasta på dyr
var støla. Beste rådbot mot støla (tjukk 1) var å
finne tordyvlar fyre kvitsun, mala dei smått og
gjeva dei i salt. Ein slags innvolsjuke hjå kyr og
andre husdyr kallast finnskot. Finnane uppe i
Finnmarki råka jamt både sau og fe her i Halling-
deal nar del skaut.
Som rådbot mot finnskot bruka dei skotlo. Den-
ne laga dei sjølve. Dei tok noko av ei finnkule d. e.
hårklumpar som jamt finst i ei sauevomb — slike
kulor finnane skaut — noko av ei blykule som
hadde vore skote gjenom ei børsepipe og so lite
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>