Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
205
grand ingefær. Dette kallast skotlo, og vart gjeve
dei sjuke dyri i deig. Bufarsdagen, med det same
ein var komen fram til stølen, gjorde ein upp eld
i kvei — den innhegningi der buskapen held til um
natti — dette kallast «å gjøyve» og hadde den
verknad at kreturi treivst der og tydde seg attende
frå fjellbeite um kvelden.
Bufarseftan um hausten, kvelden før ein buførde
heim att, tende ein bål utanfor kvei. Kva dette
skulde vera godt for, veit ikkje folk å fortelja
lenger. |
Når kristna-folk flyttar ut or ei stølsbu, flyttar
haugafolket inn. Då ein buførde heim skulde ein
etle att ein kjæse, ei slyfse og nokon leivar flatt-
brød — so mykje haugafolket hadde lite grand å
setja bu med — for so var ein til venns med hauga-
folket næste sumar, og det var både godt og naud-
synleg.
Når ein selde ei kyr til ein annan gard og kyri
trådde attende til fødestaden sin, skulde ein gi
kyri gløymesalt, d. e. salt ein har gått so lenge
med i ei lumme, at ein har gløymt det burt. Ei
onnor rådbot var å skjera kyri i eine øyra og so
strøye salt i såret. Ein måtte aldri nemne ei kyr
med namn etter avdags tid, for då kom det eit
eller anna vondt på kyri.
Når ei kyr kalva, måtte ein syte for at det vart
kasta stål ned i fyrste drykken ho fekk etter kal-
vingi.
Når ein bryggja skulde ein setja ein kniv ned
mot holet i bryggeholken, gjera ein kross i maltet
når ein hadde melta på, og brenne noko på ein
brødmole og sleppe ned på. Før ein auste dravet
på rosten la ein halm i ein kross ned på botnen
og kasta ein glodande kolbete ned i. Det var ikkje
bra å vera alt for redd for og sparsom med vørtet,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>