- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
206

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

206

når ein øv det. Det var ei gong ei kjæring som var
so gjerug at ho heldt eit brot under ausa, so ho
ikkje skulde spille so mykje som ein drope vørter,
men ho fekk ikkje nokor gleda av heile sitt brygg.

Det er uskynlegt kor det jamt blir av alt vatn
som går med til eit brygg. — Ein hemsedøl råka
ein gong på ei havfrue, og han skulde få veta ein
ting hjå henne — kva han so vilde. «Ko æ sterkast
te tustereim?» spurde han. «Har du ikkje kalve-
hals, dumme mann, du skulde heller spurt kor dæ
blir av bryggjevatnet!» svara ho.

Solkvervdagen måtte ein ikkje baka brød. Vin-
terdagen måtte ein inkje slakte. På neo — d. e. ved
minkande måne, måtte ein inkje slakte svin, for
elles minka flesket alt for mykje.

Born måtte ikkje få lov å gå baklenges, for gjor-
de dei det slapp dei ikkje fram hjå presten fyrste
året. Ein skulde ikkje drikke av ei gryte, for gjorde
ein det kom gryta til å kvelvast over han når han
døydde. Kjøt måtte ein ikkje eta fyrstundes på
morgonen. Når ein kunde vente gauken um våren
måtte ein ikkje gå ut fastande um morgonen, elles
fekk ein uty på seg. Gauken er nemleg so full med
uty, difor har han ein fugl med seg — «fuglen
som fylgjer gauken» — og denne plukkar lusi av
han. Dersom ein går ut fastande «dårar» gauken
honom, d. v. s. han set uty på han og gauken sjøl
blir rein.

Dersom ein kan koma under gauketre — d. v. S.
stiltre seg under eit tre gauken sit i, kan ein ynskje
seg kva ein vil og ein vil få ynskje sitt uppfyllt.
Det same er tilhøve dersom ein kjem inn-under
regnbogen. Dersom ein står under gauketre, skal
ein segja: «Gauken min, spå me, kor mange år e
leva ska!» Og so mange år gauken gjel, so mange
år skal ein leva.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free