Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII. Øyi og vraket
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
43
vraket kvar dag og tok med seg alt det han
kunde: trevyrke og seglstykke og kistor og
kassor og mangt anna. Ein dag fann han
noko som han ikkje hadde venta seg no. Det
var ei stor tunna full av skipsbrød og ei
kassa med sukker og ein durik med kveite
mjøl. Alt dette fekk han og godt og vel i
land. — Men so var det ein dag han var
uheppen. Han hadde gjort seg ein ovende
stor flote og lasta ’n med jarnstykke og kabel
tog. Det gjekk godt til han kom inn i viki.
Men der kunde han ikkje lenger handsama
floten; han kom paa kant, og heile lasti sokk
ned. Robinson kom seg lett i land, og sidan
dukka han ned i vatnet og fekk tak i nokre
av jarnstykk! att; men det meste var
burte. Det var stor skade; for jarn var noko
han alltid kom til aa turva og ha bruk for.
— Han hadde alt vore paa øyi i trettan
dagar no og gjort elleve vendor ut til vraket.
Det hadde vore stillt og godt ver heile tidi.
Men daa han var aat og skulde ut til skipet
den tolvte gongen, tok det til aa blaasa ein
grand. Han tok likevel av stad so snart
sjøen fjøra.
Denne gongen gjorde han ei god fengd i
kahytta att, endaa han alt hadde vore der so
mange gongjer fyrr. Han fann nokre rake
knivar og sakser og eit heilt tjug med knivar
o£ ein slump med pengar inni ei skuffa- Pen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>