Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XII. Robinson såar og haustar. Nye utferder.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
myrkt vêr um dagarne, so han ikkje ein gong
hadde soli aa retta seg etter. Han vart gan
gande der og vilra i heile tri-fire dagar og
visste sistpaa ikkje onnor raad enn aa koma
seg ned til strandi att. Der fann han att
merkestaven sin. So fylgde han strandi att
ende same vegen som han hadde kome, og
gjekk sidan yver øyi der han var kjend.
Uppi skogen ein stad fekk hunden hans
taka eit lite kid. Robinson sprang og fekk
taka det ifraa han fyrr han hadde bite det
ihel. Han laga seg eit band til aa leida det
etter og fekk det med seg heim. No hadde
han tvo gjeiter. Det var alltid noko til aa
byrja med. Men det kunde nok endaa verta
lenge fyrr han fekk ein heil flokk, som han
so lenge hadde ynskt seg.
Han hadde vore heile fire vikor ute paa
ferd denne gongen, og glad var han daa han
kom heim og kunde leggja seg i den gode
hengkøyi si um kvelden. Han hadde nok
fenge sjaa mykje paa denne ferdi; men stræ
valt hadde det vore. Han hadde aldri vore
so glad i den vesle heimen sin som no; her
hadde han alt i god skikk ikring seg og hadde
so mykje av kvart slag at han kunde berga
seg. Heimen var best, endaa um det var berre
ein heim paa ei einsam øy.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>