- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
219

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Dei tek skipet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

219
sine koma i land med nokre smaating til
Robinson, — av det som røvarane ikkje hadde
stole og øydt upp, sa han. Dei kom snart
berandes upp til huset med gaavorne, og
det synte seg daa at det ikkje var so reint
smaatt endaa. Det vaiv fyrst mat og vin
i mengd, av alt det beste som tenkjast kunde.
Det vart reint ein gjestebodsdag for Robinson
dette. Og so fekk han eit par nye skor. og
klæde av alle slag. Han var ny fraa topp
til taa, daa han hadde vore stad og skift.
Det var lenge sidan han hadde vore so lin.
Men noko sers godt tykte han ikkje det var
aa hava desse klædi paa seg no daa han so
lenge hadde gjenge i dei romlege skinnklædi
sine. Det var mest som han hadde fenge ei
tvangstrøya paa seg.
So maatte dei til aa tenkja paa kva dei
skulde gjera med fangarne sine. Dei tvo som
hadde vore gidslar og sete etter uppi skog
hytta var sette paa fri fot no, og dei som var
tekne utpaa skipet hadde alle kome til rettes
med skipperen att. Men so var det dei fem
i fjellhola. Skipperen var ikkje mykje huga
paa aa taka dei med paa skipet. Det var
serleg tvo av dei han enno hadde laak tru til.
Dei laut liggja i lenkjor til skipet kom fram til
ei engelsk hamn, og koma for retten der. IVfen
dette vilde han helst sleppa for aa ha bry
med no daa det hadde gjenge so godt elles.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free