Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
CHRISTOPHER BRUUN
danske studentår. Bruun og nokre faa andre drog i krigen. Og
um han ikkje beint fram kom til aa vera med i slag, fekk han daa
høve til aa syna sitt personlige mod paa faarlege vaktpostar.
Mor til Christopher Bruun hadde vorte verande att i Italia
med borni sine, og daa Henrik Ibsen kom der ned, var han
ofte i huset hjaa henne. Ein gong sa han, at dersom Chri*
stopher fall i krigen, vilde han i dikt reisa honom ein bauta*
stein som skuide verta til skam for heile det norske folket.
Daa svara fru Bruun: «Dersom De gjer det, skäl eg grava
steinen ned med mine eigne hender». Det skäl segjast til
æra for Ibsen at han fekk taaror i augo ved desse ordi fraa ei
mor som ikkje vilde at sonen skuide faa æra soleis, at det vart
til skam for fedralandet.
Det känn vera spursmaal um ikkje Ibsen hev tenkt mykje
paa Christopher Bruun daa han skreiv um «Brand» som ikkje
vilde slaa av paa idealet. Nokso visst er det at syster til
Christopher Bruun hev vore modell til Agnes i «Brand».
Ufreden i 1864 vart til stort tap for Danmark, men Norig
og Sverike leid kanskje endaa større tap. Der miste ungdomen
trui paa idealet. No hadde det synt seg kor lite magt det var
i det som dei var uppglødde for og song um og tala stort
um. Her i Norig vart det mest so, at all tale um meir ideelie
fyremaal fekk namnet «fraser», og bladi var stødt paa ferd med
kritik mot desse «fraser».
Midt i denne kaldkloke spott yver idealet synte Christopher
Bruun at han ikkje hadde mist trui. Han steig fram i Studen*
tersamfundet og tala um maalsaki, den som mange meinte var
det taapelegaste av alle ideal, reint ein narredraum. Men Brunn
hadde mod til aa halda fram at maalsaki var Norigs nationale
sjølvstendesak.
Aaret etter, i 1867, gav Henrik Ibsen ut si bok Peer Gynt,
der han set fram ein bondegut fraa Gudbrandsdalen til bisn
for heile verdi. Sjaa denne ville, daadlause drøymaren, sjaa
egoismen og stakarsdomen!
Daa kom Christopher Bruun atter til aa fara andveges med
Ibsen som i 1864. For nett i 1867 drog han upp til Sel i
Gudbrandsdalen og tok til med en folkehøgskule for bonde*
gutår. Han vilde læra Peer Gynt at setja draumane inn i
livet og gjera gagns arbeid.
Det var ikkje greidt for ein ung theolog som kjende yver
seg heile tyngdi av Kierkegaards idealisme. Kva skuide han
taka til med? Verta prest? Nei, det stod so høgt, at knapt
noko menneskje kunne fylla kravet. Verta kroppsarbeidar? Ja
den som berre kunde eit arbeid til gagns.
211
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>