Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
IN MEMORIAM
Daa kom grundtvigianismen til hjelp. Det fanst daa noko
som heitte eit idealbore menneskjeliv, soga synte fram folk
som hadde livt soleis, og diktarane song um slike folk. Den
som kjende seg for liten til aa bera gudslivet fram i all sin
straalande glans, han kunde freista aa taka til med menneskjelivet.
Kanskje det daa kunde lukkast aa arbeida utan aa missa idealet.
Her var folkehøgskulen den rette arbeidsmarki, og Bruuns
liv til den tid hadde vore den beste fyrebuing til arbeid med
aa vekkja ungdomshugen til eit idealt menneskjeliv.
So dreiv han daa paa med folkehøgskule til 1893, daa han
vart prest i Johanneskyrkja i Kristiania.
Me kann segja at Brunns arbeidsreidskap fyrst og fremst var
det livande ordet. Og han var ein meister til aa tala; ikkje
nett veltalande i vanleg meining, men naar han tala, so vilde
han noko, og det bar han fram med slik personleg magt, at
det sokk i folk, so sant dei hadde øyra til aa høyra med.
Daa han vart prest, samla han ikkje stormengdi kring sin
preikestol, men hadde ein flokk av trufaste tilhøyrarar, der*
imillom slike som sjølv kunde med aa preika; me kann nemna
ein mann som stiftsprovst Gustav Jensen. Eg hev ofte undrast
paa kvifor folk ikkje strøymde til i mengd til desse preikor.
Ikkje berre det livande ordet, men og det skrivne ordet var
Bruun ein meister i. Han hadde ein sermerkt personleg stil i
det han skreiv, so hans skrifter gjev oss ein reint klassisk prosa
med retorisk og poetisk varme i seg.
Av skriftene kann me nemna «Om Christensamfundets Syn«
der», og bladet «For frisindet Christendom», som sidan paa ein
maate vart uppattnya i «For Kirke og Kultur». Her skreiv han
um kyrkja og folkelivet og um ein fulltonande kristendom. Han
arbeidde for ei folkekyrkja med større fridom fraa staten, og
han ynskte inderleg at kristendomen maatte faa slik aands*
magt, at han kunde setja noko inn i det aalmenne aandslivet,
ja setja sitt stempel paa det. Hans store von var ei kristeleg
norsk folkevekkjing.
Men Bruuns seruppgaava kann me segja er aa læra oss um
eit menneskjeliv under kristeleg idealitet. Og det gjer han i
boki ^Folkelige Grundtanker». Det er Bruuns fremste verk og
ei av dei merkelegaste bøker som me hev i heile vaar bokavl.
Ein svensk pædagog hev sagt at det er eit nationalverk som
inkje änna folk hev maken til.
Boki er program for den norske fplkehøgskulen, men me
kunde og kalla henne sjælelæra, uppsedingslæra, norsk sam*
fundslæra. Heile det rike innhaldet samlar, seg under den
grunnsyni som me kann gjeva namnet idealitet.
212
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>