- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
36

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36 Gustav Indrebø
Notisar og små-utgreidingar um stadnamn finn me m. a. i
desse manuskripti: 187 a, 88; 193 h II—III; 193 i; 199, a; 209 b,
10; 235 b, 45. 55. Dessutan i 209 b, 2, ei liste yver namn saman
sette med -anger; i 179, 9 i: »Tvedt som Gaardsnavn eller een Deel
af samme* (ei namneliste); 222,12: »Gaardsnavne af Find eller
Queen« (namneliste); 235 b, 19: um Skrattaskjer i Soga um Olav
Tryggvason, det skal vera Flataskjer i sundet aust for Avaldsnes;
235 b, 66: ei historisk-topografisk avhandling um Fjalajylke;
187 a, 38: materialia til ei avhandling um Gulatings-staden. I
166, som er tri band med ekscerptar, finst uppskrifter og tankar
um stadnamn fleire stader. I bd. 111, s. 162 skriv Christie: »Mange
større og mindre Dale i Norge have deres Navne af Elve, som
løbe derigjennem.« Deretter kjem ei namneliste (med rette og
range døme).
Dei tvo serskilde manuskripti um stadnamn er Bg. M. 207
og 68.
Bg. M. 207 er ein pakke med materialia og fyrearbeid til ei
stor, systematisk utgreiding um gardsnamni i Bjørgvin bispe
døme. Christie hev fenge seg listor yver namn ifrå heile bispe
dømet til dette arbeidet. For Sunnmøre hev han skrive ut namn
or Strøm, Søndmørs Beskrivelse, og for dei andre futedømi hev
han late futane senda inn grannsame gardsregister. I ein disposi
sjon som ligg ved hev han sett upp nokre »Momenter, som Forsøg
til en Theorie om Navne paa Gaarde i Bergens Stift, og Oprindel
serne til Navnene.« Me set hit korleis han skipar namni i gruppor
etter tyding i denne disposisjonen.
»1. Navnene ere givne efter Dyr, som pleje at opholde sig
paa eller ved Gaardene: saasom a) Fugle, b) Fireføddede Dyr,
c) Fiske, d) Insecter.
2. Efter Mænd, som have opryddet, eller beboet Gaardene.
3. Efter Gaardenes Beliggenhed, og det ej alene med Hensyn
til om de ligge paa Bjerge, Bakker, i Lier, Dale, paa Øer,
ved Vande, i Jordkløfter, paa Aase, Slætter etc, men ogsaa
med Hensyn til om de ligge ved Elve, Fjelde, tørt eller fug-
tigt Jordsmon, udsatte for Solen eller i Skygge etc.
4. Efter Gaardenes Beskaffenhed, om der er godt Agerland
eller ikke, Eng, Skov, vidt og rummeligt, trangt eller ind-
knebet etc.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free