- Project Runeberg -  Norsk Dialect-Lexicon : og nokre folkeminne og brev /
37

(1938) [MARC] Author: Wilhelm Frimann Koren Christie With: Gustav Indrebø - Tema: Dictionaries
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Innleiding 37
5. Efter Træer, Planter, Rør og deslige, som villigen voxe paa
Gaardene.
6. Efter Productionen af Gaardene og de slags Næringer, Bebo
erne meest bruge.
7. Efter Indretninger, som findes paa Gaardene, saasom Saug,
Qværn, Broe etc.
8. Efter mærkelige Tildragelser samrcesteds.«
Lange listor med døme — rett og gale blanda — upplyser
dei einskilde punkti.
Christie hev freista skipa namni i sér frå ein meir formell
synsstad og. Men det hev ikkje falle lett for honom og ikkje
lukkast serleg godt. — Han er inne på skilnaden millom gards
namn som inneheld ord for »bustad« og slike som upphavleg er
naturnamn.
Dette arbeidet hev Christie planlagt i 1824 eller fyrst på
året 1825. Futen i Nordhordland og på Voss, Kastrup, hev
sendt inn register yver gardane på Voss med brev dagsette 30. mars
og 12. april 1825. Men Christie laut snart slå ifrå seg å få arbeidet
ferdigt. So vidt stort som det var planlagt, kravde det meir enn
han var før til.
Bg. M. 68 er eit stort kvart-band (491 skrivne sidor plus
register og nokre blanke blad) med denne titelen: »Etymologicon
eller Uddrag af ældre og nyere Skrifter om adskillige Personers,
Rigers, Landes, Stæders, Havnes, Floders etc, Navne i ældre
Tider, og sammes saavelsom endel Ords Etymologie, hvortil er
føjet egne Bemærkninger og Formeninger, især om indenrigske
Steders Navne, — med Register«. Dette er hovudarbeidet til
Christie um stadnamn (lite um folkenamn, trass i titelen). Det
er eit samle-manuskript. Christie hev teke til med det i 1824,
etter det han sjølv nemner. Seinare hev han auka det med nytt
etterkvart. Innhaldet er noko, som og titelen segjer, ordrag or
eldre og nyare skrifter um namn i utland og innland; derimillom
um ikkje so faae namn or norrøne skrifter, i fleire tilfelle med
utførleg utgreiding um kva for stader som er meinte. Men mest
er det innanlandske namn som Christie hev skrive upp på ferder
eller etter minnet, og so »egne Bemærkninger og Formeninger^
um desse namni.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:01 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordialect/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free