Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
92 Gustav Indrebo
visseleg ha teke burt sume målfeilar og (t. d. deilvis slikt som
adjektiv på lik for leg). Christie fekk ikkje tid og helse til ei
slik saumfaring. — Til dette kjem at Christie var ein sjølvlærd
mann i vitskaplegt målstudium. Og kravi åt den tid som hans
ungdom og meste manndom fall i, var ikkje so strenge når det
galdt mål-uppskriving.
Um verket til Christie er uferdigt og ufullkome, må me dess
utan ikkje heller gløyma, at det trass i alt, for si tid, hev gjæve
sidor og, og er eit i sanning merkjelegt upptak.
Me hev fyrr i denne utgreidingi nemnt frå fleire umkverve,
at Christie var ute fyre andre. Det var han når det gjeld ord
boksarbeidet og. Christie er den fyrste mann i Noreg som tok
upp den uppgåva å skapa noko me karm kalla ei norsk nasjonal
ordbok; — »det af mig påbegyndte Norske Lexicorm, kallar han
sjølv endefram boki si i »Underretninger«; »en norsk Ordboge i
brev til N. H. Weinwich 5. mars 1828. Han gjorde med yverlegg
spranget ifrå »besynderlige Ord i det Norske« til »Ord i det Norske«
beint fram (her framanfyre side 56). Sjølve den ting at han fyrst
både hev sét ei slik uppgåve og freista løysa henne, gjev honom
rett på eit rom i vitskapssoga og den nasjonale soga vår. Det
same um verket hans vart ufullkome. Han hev sét den uppgåva
og som ei nasjonalordbok naudsynleg krev løysing på: å få ein
systematisk skriftnorm for dei ny-norske ordi, visse rettskrivings
reglar og ei grammatisk formfesting. Og um han ikkje kom so
langt med dette, karm me like vel sjå tydeleg på mange punkt,
korleis han tenkte seg at uppgåva burde løysast. Serskilt når
me attåt ordboki tek umsyn til dei fråsegner han hev gjeve um
rettskrivings-grunnsetningane sine, og til det normalisera gåte
manuskriptet hans.6
Trass i alt det som karm vera å segja på ordboki til Christie
reint fagleg, so krev dessutan sjølve innhaldet og vyrdnad. Christie
hev då ordboks-ført for fyrste gong ei ovstor mengd norsk ord-
• I sumt vikle Christie ha same løysing som Ivar Aasen. I sumt
synest det tydelegt — etter hovudtendensen i Dialect-Lexicon og gåte
manuskriptet — at han tenkte seg andre løysingar enn Aasen kom til på
slutten. Døme på det siste er at Christie skriv da, dan, dar; helst kastar
»stum« d etter vokal og r; helst .stryk t, d, Y> n, ni i utljod i ljodlette
stavingar; brukar meir gj, kj framfyre 1jodlett vokal. Dei fleste av desse
avviki heng saman med at Christie bygde på vestnorsk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>