- Project Runeberg -  Norges Land og Folk, statistisk og topografisk beskrevet / IX. Nedenes Amt. Første del (1904) /
530

(1885-1921) Author: Amund Helland, Anders Nicolai Kiær, Johan Ludvig Nils Henrik Vibe, Boye Strøm
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

530

NEDÉNES AMT.

Dei sat i røykstogor. Det var ikkje ko dei gamle som laag
inne; ungdomen laag paa fjostrevet. Dei strenge vetredagarne
sat dei i fjoset til aa spara paa veden. Heidetidi var den
fjaa-gaste tid. Alt som ledast og livde, vilde paa heidi. Dalen var i øyde.

Gardarne gjekk aldri or ætti, til uskylde. Ætt og gard var
uskiljande som tonni og hausen. Ikkje gravi eingong kunde
skilja for allstødt: «Me kome her nog att’e», sa dei; — dalen
yver var dette so viss ei tru. So sat dei paa sin odel, mann
etter mann, alt fraa fyndeheimen av. Mange heldt seg ættline
av sjølve rudkallen. Og gamall liverett og tru og sed ervd est
ned og vart aldri rupla: «Den gamle se’en ’an maa ti liggje»,
sa dei. Dei var fulle av «gamalt». Segner gjekk i friskt minne
um alt som hadde vore og gjenge til fraa ævorlege og heidnom
haugen. Dei hadde ei heil rekkje av gamle visor, og stev hadde
dei i tusundtal, «gamle ,stev» som dei gamle kvad, og «nye stev»
som ungdomen dreivst av. Og der ataat hadde dei leikar paa
rim og gaator og ordtøke, og vers dei tulla med vogga. Dei
hadde gamle vedtok paa vers um alt som jordemannen hadde
livemaate av, um aakerbruk og studring og hogster i skogen.

I gjestebod og drykkjelag var kveding og gamalt det
gam-naste dei visste. Dei kom ihop um kveldarne til aa høyra gamalt,
og der var stogefyll. Sogemennerne reikna upp gamalt i kapp;
dei heldt det næter og dagar, til ein var kvitt. Dei skilde kven
som var greidare i ordlaget: «Aa sei’ a grei meining me faa
or», — det var hegd i.

Tungemaalet skulde vera utstokke beinveges or «det gamle
bjørkemaalet», som ei tid var tala i Sætesdal og i heile Norigs
land. For framandt folk var det vandt aa skyna paa: «Forstaar
sætersdølerne ligesaa meget af, hvad jeg siger, som jeg forstaar
af hvad de siger, da ved jeg ikke, hvorledes det skal gaa», —
det var det fyrste ein av prestarne tenkte, daa han kom til
Sætesdal. Og dette var i vaare dagar endaa til.

Dei spela paa fele og langespel, — det var uløyselegt som
dei dreivst av musik. Der var flusande med slaattar, som høyrde
dalen til. Dei fælaste var «dei ramme slaattann’»; men det var
dei slaattarne dei lærde av «den vonde».

fjaag: glad, oprømt. — ledast o. 1.: lever og rører sig. — fyndeheimen:
oldtiden, «Arilds tid». — ættline: descendent. — rudkall: rydningsmand. —
liverett: moral. — gamalt: folketradition. — fraa ævorlege: fra de ældste
tider. — heiden: hedensk. —fraa h. haugen: fra hedenskabets dage. —
drivast av: interessere sig for. — tulla: nynne. — vedtak: anerkjendt
sætning. — jordmann: grundeier, bonde. — studring: kvægrøgt. — gama:
morsom, fornøielig. — stogefyll: fuldt hus. — sogemann: fortæller. — halda
det: vedblive, fortsætte. — skilja, skilde: komme an paa. — hegd: kunst.
— ør: ud af, fra. — skyna paa: forstaa. — endaa til: ovenikjøbet. —
langespel: langeleg. — idøyselegt: uhyre, overordentlig. — ram: stærk, kraftfuld.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:40:11 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norgeslof/9-1/0548.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free