- Project Runeberg -  Norges Land og Folk, statistisk og topografisk beskrevet / IX. Nedenes Amt. Første del (1904) /
531

(1885-1921) Author: Amund Helland, Anders Nicolai Kiær, Johan Ludvig Nils Henrik Vibe, Boye Strøm
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BEFOLKNING.

531

Gudsordsbøkerne var det einaste dei las, — aa lesa i andre
bøker var «baandømi». Dei heldt bøkerne betre, di gamlare dei
var. Dei var strikse paa lærdomen, at han var rett; dei skilde
so mykje aa hava det rett fyre seg: ein drikkar og vaae ting
som hadde det rett fyre seg, var betre faren en den skiplegaste
mannen som for gale, av di den- som veit vegen, kann ganga
han fyrst han vil; men den som ikkje veit han, kann aldri ganga
han. Men «den rette lærdomen» snuddest med lite til vrang:
eit einaste ord var nog. Dei stokk daa Hauge kom; han var
ein gjerningsdyrkar, og han sa, at Kristus hadde ikkje vore i
Helvite. Dei brende upp Luthers huspostil, av di han lærde gale
um dans.

Der var nokre som baade livde rett og hadde det rett fyre
seg, og so hadde det vore alle dagar. Dei var faa, men dei gjekk
seint av gløyme.

Dei hadde mange gudlege seder som slett ikkje stod i
bøkerne. Langfredagen vilde dei «lie me Jesus». Til den dagen
sparde dei det tyngste arbeid dei hadde; daa reiste dei i høyskog
og svigeskog, — dei kaldlegaste vegjer her var; dei gjekk med
sand i skorne, so blodgauva stod; dei las i eitt renne til nonsbil
og svelte seg; dei smaka aldri mat fyrr en messa var enda; det
var paa livet mestom for borni. Var der eit dei plent vilde hava
fram, daa fasta dei «laugefosta» eller dei «lova fyre seg» — som
tidaste korn eller beste kyri dei aatte. Dei krossa seg kvar
morgon mot alt vondt. Men hugen var vandast aa stilla: gløymde
dei krossingi, daa var dei raadlause plent; han «flaug aa»
øl-tunna so hu tipla og rann ; han flaug aa heide og kriste so det
var paa livet. Tobakshugen dreiv so hardt at dei huva; aa purka
imot var plent ut i gusten: «No hev eg begjevi tobakji i tredeve
aar,» sa Aanond Knutsson; «men eg tikji daa vent it ein bite,»
sa han. So laut han til att.

Gamle truer hadde dei so mykje med; etter dei for dei so
virkeleg i alt dei tok seg fyre. Med tussarne var der slike mollor.
Det var dei som raadde for velferd og trivnad i huset, dei og
vetti. So gav dei tussarne og vetti kvar laurdag det beste dei
hadde av drykkjer og mat. Og dei hadde mannslik som dei gav,

baandømi: barnagtighed. — vaae: vaaen er beleven, gemytlig og
godslig, genialt forvoven i tale og bedrift; han er «helten», ungdommens ideal.
Ofte nærmer ordet sig betydning af en, der ikke skjøtter nogetsomhelst,
saasom i vaae ting: forsoren karl. — av gløyme: i forglemmelse. — svig:
ferske kviste af løvtræer — til kreaturføde. — sviga: samle, bryde «svig».
— blodgauve: blodskum. — nonsbil: middagstid. — langefosta: faste fra
langfredag til paaskedags middag. — krossa seg: sige: «i Jesu navn». —
stilla: bringe til ro, beherske. — fluga aa: anfalde. — tipla: dryppe. —
heide og kriste: fæ og folk. — huva: huje. — purka imot: gjøre modstand.
ut i gusten: frugtesløst. — virkeleg: punktlig, omhyggelig. — mollor:
men-lykke i en laas, ceremonier, kunster. — mannslik: billeder.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:40:11 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norgeslof/9-1/0549.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free