Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
532 NEDÉNES AMT.
plent som dei «gaave tusso». Stølarne var det tussarne som
aatte. Fyrst dei kom med buskapen, la dei seg paa kne med
durstokken og bad «støylsmannen» nm lov til aa sitja ei viss
tid, ein maanad eller mindre, som det høvde. Og so lo lydde bøni:
«Hus aa sæti,
maanas lætri,
kjære Katteraas-bondi!»1
sa dei. Sat dei lenger en dei hadde sagt, so jaga han buskapen att av.
Han maatte aldri tøma nokon ting plent, anten løda for
høy eller bingen for korn eller byrda for braud eller pungen for
pening, — «han maa alli take frætti o pungjé», sa dei; der
skulde vera «graut i gryto aa sopebys», — «de var’ a fatigt hus,
sopar ’an ut alt bosi», sa dei. Og mange andre truer hadde dei;
der kjem ingen i hug kor mange det var; der var tru med alt
dei gjorde. Trolldom var der so mykje med, og kunster til aa
vita si framtid. Vilde dei vita kven dei skulde hava, daa bad
dei seg den vonde til hjelpes. Daa synte han seg i den dei
skulde koma ihop med. Dei hadde so mykje med den vonde;
han synte seg ljosbærlege baade tidt og traatt; dei gaadde aldri
aat, so var han der, snart i folk og snart i dyr; i ein nykk
lærde han dei til aa fela. Og i mange andre likningar synte
han seg. Tilslutt var baade tussarne og alt det skrymsl som
beid og bar, — den vonde.
Der var etter so mykje av den gamle liveretten i Sætesdal.
Dei var trugne som troll. Det ord som var sagt, — um det var
midt i ville heidi, so stod det. Sine pening bygde dei burt paa
ære og tru, aldri eit skrive ord. Um huset var øyde turfte dei
aldri læsa, barre stakk ein stav i hurderingen til merke, eller
dei hadde «stokk aa hur’», um dei plent vilde stengja. Var
vesallmannen i naudi og ikkje fekk, maatte han nög taka av
andre det han turfte.
Fyrst dei gifte seg, daa skilde det kva ætt dei kom innaat:
«Du ska’ sjaa ette folkeslagjé som ette gjeiteslagjé», sa dei, —
av di, «der e meste mun i menniskji», og «han kan alli stele
mannen o’ ættinn!» Og det skilde kva rikdom der var, so dei
kunde sitja paa garden og ikkje rjuka ifraa, av di daa var det
1 Kat temas: en støl i Aaseral.
gaave tusso — gav tussarne: ofre til. — høva: passe. — lætre: leie,
liggested. — att av = av att: bort igjen. — byrde: kiste. — fræ: frø; frætti:
frøet. — vare: blive. — koma i hug: forestille sig. — synte seg i den: vidste
sig i dens-skikkelse. — ljosbærlege: skinbarlig. — gaadde aldri aat: viste
ikke ordet af. — i folk — i dyr: i et menneskes — et dyrs skikkelse. —
fela: spille fiolin. — skrymsl: spøgeri. — beid og bar: fandtes, eksisterede.
— byggja burt: laane ud. — turfte: behøvede. — stokk aa hur: støtte paa
døren indvendig, men som tages væk med en hemmelig snor. — vesallmann:
stakkel.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>