Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Nokre ord um namnet paa landet vaart. (Marius Hægstad)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Norðvegr med si upphavlege tydning er vel eit samgermansk
namn for land som ligg i nord. At det feste seg som namnet
paa det nørdste land som germanar budde, er ikkje underlegt.
Formi Noregr hev truleg vakse fram i sjølve landet. I dei eldre
norske diplom (fraa det 13de og 14de) hundradaar er Noregr
den vanlege form, oftast i genitiv Noregs (skrive mangeleis:
Noreghs, Norex, Noræghs ofl.), eller i dativ Norege eller Noregi, som
ogso vart skrive paa mange maatar. Dativ var fulla den formi som
vart mest bruka (í Norege, her í Norege o. s. fr.) og dette hev
havt stor innverknad paa ordet si utforming sidan.
I dei maalføri som fra gamall tid ikkje hadde ljodsamhøve
(eller vokalharmoni) millom rotvokalen i ordet og endingi, men
berre hadde i og u (umfram a) i endingar, maatte Noregr snart
verta Norigr. Soleis serleg i surne bygder i Kristianssands
bispedøme. Sameleis kunde det gaa i dei bygder der endingarne e og
i vart utjamna til i. Soleis til eks. Indrøy i Nordtrøndelag. Naar
dativformi vart uttala med palatal g, (gj, j), vilde dette kunna
gjera endingi e til i ogso andre stader: Noreg(j)i. [[** amputert g og j; husk WJ]] Men Noregi vilde
i maalføre med tilstemna til ljodjamning av vokalar lett verta
Norigi, som igjen kunde skapa ein nominativ Norigr. Hertil kunde
ogso hjelpa tanken paa ordet rike og tilmaating etter andre kjende
landsnamn: Sverike, Frankrike. Ymse vegar førde soleis til Norig.
Sume maalføre kunde gaa andre vegar og samandraga Norige eller
Noregi til Norje eller Norji (skrive Norge)[1]. Desse dativformer
kunde som fleire andre verta bruka som nominativ med ny
bøygning i genitiv Noriges, Noregis, Norjes.
Dei gamle norske kongebrev hev Noregr (oftast i gen. eller
dat. Noregs, Noreghs, Noreghe ofl.) med e-ljod i andre stavingi som
den einaste form fram til 1370. Ogso i andre brev og skrifter er
Noregr det vanlege i denne tidi; men me finn no og daa andre
former, soleis i eit brev fraa Tunsberg 1332: Norighi (dat.); fraa
Undal (Agder) 1364: Norigs (gen.). I 1383 vert det i eit
kongebrev skrive Norges. Sidan skifter desse former, og nye smaabrigde
kjem til. Men Noregr held seg i kongebrevi til 1449, og fyrst i
dei danske kongebrevi etter 1451 vert Norge (gen. Norgis, Norgys
ofl.) det vanlege. Etter di dei endaa i fyrstningi av det 16de
hundr. ogso skreiv Norgie (1517), Nories (gen. 1527, Olav erkebisp),
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>