Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Bjørgvin bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BJØRGVIN BISPEDØME
Domkyrkja i Bergen. Frå 1200-tallet.
stod munken Antonius fram som predikant
frå omkring år 1527. Han er den fyrste
kjende lutherske forkynnaren i Noreg. Frå
1529 vart han sekundert av to andre
lutherske fripredikantar, som hadde vernebrev frå
kong Fredrik I. Lensherrane Eske Bille og
Vincents Lunge orienterte seg på ein viss
måte mot reformasjonen. Klostergods vart
sekularisert, og i 1531 vart fleire av Bergens
kyrkjelege byggverk med samtykke av
biskop og domkapitel rivne ned til grunnen
av militære omsyn. Mellom desse var Store
Kristkyrkja og bispegarden. Erkedeknen
Geble Pederssøn, som truleg var
reformvenleg, vart i 1536 vald til ny biskop, men
fekk aldri katolsk ordinasjon. Same året
kom reformasjonskongen Kristian III. til
makta, og Geble og hans domkapitel fagna
(sv.: hälsade) han som norsk monark. År
1537 vart Geble i København vigd til
evangelisk superintendent for Bergen av
Bugenhagen. Han fekk fransiskanarkyrkja til
domkyrkje og klostret til å bu i. Geble
Pederssøn la stor vekt på opplæring av evan-
415
geliske prestar. Fostersonen hans, Absalon
Pederssøn (Beyer), var lektor i teologi ved
katedralskulen. Han er kjend som patriotisk
forfattar og dugande evangelisk lærer. Enka
hans, Anna Pedersdatter, vart i 1590 dømd
som heks og brend på bål. Dorothea
Engelbretsdatter (1635—1716), bergensk
prestekone, dikta salmar med ortodokst innhald
og plastisk, sentimental form. Ein
representant for den kyrkjelege pietismen var
Erik Pontoppidan’, dansk
kyrkjemann og professor, biskop i Bergen 1747—
55. Hans katekisme-forklåring for
ungdomen, utgjevi 1737, fekk stor innverknad på
det religiøse livet i Noreg gjennom mange
ættleder. Som biskop gav han ut » Collegium
pastorale practicum», leseverdig den dag i
dag. Om biskop Johan Nordahl Brun,
sjå serskild artikkel. Hans Nielsen
H a u g e* slo seg ned som kjøpmann i
Bergen 1801, og Hauge-rørsla fekk rik inngang
i bispedømet. I seinare tid har amerikansk
vekkjingsliv sett eit visst merke på
kristenlivet.
B., som frå 1622 også omfatar Sunnmøre,
er f. t. inndelt i 15 prosti, 90 prestegjeld, 205
sokner. Areal: 31 831 km”. Folketal (1946):
297 241. Av dei barn som vart fødde i 1950,
vart omlag 2 % fødde utanfor ekteskap. Av
folkemengda står omlag 2,4 % utanfor
statskyrkja, medan prosenttalet for heile landet
er 3,8. Ein del av dei aktive kristne set
kyrkja og gudstenesta høgt, ein annan del
søkjer helst sitt samfund i venekrinsar.
Spaninga mellom desse gruppene er mindre
enn før. Den norske sjømannsmisjon har
sitt hovudsete i Bergen, og Bjørgvinbispen
er tilsynsmann for alle norske
sjømannsprestar i utanlandske hamner.
Biskoppar: Bjarnvard ca. 1070 (Selja); Svein
(Selja); Magne 1115—28 (Selja); Ottar ca. 1135
(Selja); Sigurd 1139—56 (Selja); Pål 1161—94;
Martin 1194—1216; Håvard 1217—24; Arne (I)
1226—56; Peter 1257—70; Askatin 1270—77;
Narve 1278—1304; Arne (II) Sigurdsson 1305—
14; Audfinn Sigurdsson 1314—30; Håkon 1332—
42; Thorstein Kumpi Eiriksson 1343—49;
Gisbrekt Erlendsson 1350—69; Benedikt Ringstad
1370—71; Jakob (I) Jensson 1372—1401; Jakob
(II) Knutsson 1401—07; Aslak Bolt 1408—28;
Arent Klementson 1434; Olav (I) Nilsson 1434—
416
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:20 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/1/0218.html