Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Brorson, Hans Adolph
- Brun, Johan Nordahl
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1927); Vejle amts aarbøger (Kolding 1932);
H. A. Brorson, Julesalmer i faksimile, ved Æ.
Frandsen (Aarhus 1932); L. J. Koch,
Salmedigteren Brorson (2 ed. Khvn 1932);
Brorson-Studier (Khvn 1936); Fr. Orluf, i Danske studier
(Khvn 1935); O. Smith og V. Hermansen, Ribe
bys historie 1730—1820 II (1946); Povl Otzen,
Nogle hidtil utrykte vers af Brorson (Khvn
1950); H. A. Brorson, Samlede skrifter 1, ved
L. J. Koch (Khvn 1951). L.J. K.
BRUN, Johan Nordahl. Biskop J. N. B.
(1745—1816) var fødd på ein bondegard
ved Trondheim og synte sterk lesehug i
unge år. Frå Trondheim katedralskule vart
han dimittert til Københavns universitet av
historikaren rektor Gerhard Schøning. Sitt
teologiske studium mäåtte han av
økonomiske grunnar forsera. Før og etter
embetseksamen 1767 levde han dels i Trøndelag
og dels i København. Det litterære og
vitskaplege miljø i Trondheim med menn som
rektor Schøning og biskop Gunnerus
stimulerte hans interesse for framvoksteren av eit
sermerkt norsk åndsliv, emansipert frå det
danske, og i København fekk han rikleg
næring for sin patriotisme innan den norske
kolonien som dyrka litterære og selskaplege
interesser. Saman med andre norske i
København vende han seg bort ifrå den
tyskdanske Sturm- und Drang-litteratur og søkte
sine førebilete i Frankrike og England. I
1771—72 sigra han i ei pris-tevling om den
beste tragedie på dansk. Det gav han større
sjølvtillit og tru på norsk evne. Han skriv
det første norske nasjonale skodespel, » Einer
Tambeskielver», og den første norske
nasjonalsong som kom på folketunga: »For
Norge, Kiempers Fødeland, vi denne Skaal
udtømme. Og naar vi først faar Blod paa
Tand, vi sødt om Frihed drømme. Dog
vaagne vi vel op engang og bryde Lænker,
Baand og Tvang». Strofene verkar oprørske
og sensuren hindra prenting, men opprøret
galdt ikkje det politiske, men det kulturelle.
B. heldt på den rådande orden, var livsglad
og selskapskjær.
Den 22. okt. 1772 vart J. N. B. utnemnd til
kapellan i si fødebygd ved Trondheim, og
dermed kom han inn i den kyrkjelege
embetsgjerning som skulle koma til å fylla
hans seinare liv. Etter to år vart han mot
453
BRUN
Johan Nordahl Brun. Koparstikk frå 1805.
sin vilje utnemnd til prest i Bergen, og i
denne byen fekk han sitt yrke for resten av
livet, først som sokneprest, så som
stiftsprost, hjelpebiskop, og sist som biskop, 1804
-— 1816.
Nokon lærd mann vart J. N. B. aldri, heller
ikkje nokon grundig kjennar av
verdslitteraturen. Det er på det kyrkjelege område
han utmerkjer seg, serleg som for ky
nnar og salmediktar. Utan tvil var han den
fremste norske predikanten i sin generasjon.
Preikene hans var velbygde med konsentrert
og skiftande tanke-innhald, rike på
dynamikk og plastiske bilete, framførde med
klår og kraftig røyst. B. reagerte mot
preikemåtar i samtida som la stor vekt på det
estetiske, det emosjonelle, det teatralske og
det moraliserande. Han ville at preikene
skulle vera enkle og naturlege så dei nådde
inn hjå den jamne mann, og samstundes så
innhaldsrike at dei mest opplyste vart
engasjerte. I røynda (sv.: i verkligheten) nådde
B. langt i den leid. Ein merkar diktaren,
454
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:20 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/1/0237.html