Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Eystein Erlendsson
- Ezekiel
- Ezra
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
EYSTEIN ERLENDSSON
Interiør frå Nidarosdomen.
som len frå St. Olav, d. v. s. frå kyrkja. Ved
same høve (sv.: tillfälle) fekk kyrkja mange
andre privilegi. E. utarbeidde ei kyrkjeleg
lovbok som er gått tapt, men ein del
av hans materiale frå kanonisk rett finst
innarbeidt i eksisterande redaksjonar av
Frostatingslova og Gulatingslova. På få år
hadde hierarkiet nått til dei høgaste tindar.
Før 1153 skulle kongen kåra bispane, etter
1163 skulle bispane kåra kongen. Men
folket var ikkje moge for så stor omvelting, og
krisen kom då Sverre i 1177 let seg utropa til
konge i kraft av den gamle tronfylgje-regel,
idet han gjorde krav på å vera uekte fødd
kongsson. Han kunne like godt som
motparten leggja religiøs glans over sitt styre;
hans kongedøme var det einaste lovlege i
landet, og det lovlege kongevelde var Guds
ordning; ulydnad mot den lovlege kongen
831
fører til sjels fortaping. I seks år førde no
E. ein kyrkjekamp i europeisk format mot
Sverre, med åndelege, politiske og militære
maktmiddel. 1180 rømde han til England og
levde der i eksil til 1183. Han fekk stønad
(sv. stöd) av Henrik II og budde ei tid i
klostret Bury St. Edmunds og visstnok ei
anna tid ved bispesetet Lincoln. Etter si
heimkome gjorde E. ein slags borgfred med
Sverre, og dei siste fem år av sitt liv nytta
han til byggjande arbeid. Inspirert av den
nye gotiske stilen reviderar han
byggjeplanane for Nidarosdomen så det kan -framstå
ein storfelt gotisk katedral, til dels ved å
ofra mykje av dei gamle bygningsdelane.
Tverrvengene vart ståande i den
overgangsstil dei var bygde, og eventuelt fullførde i
same stil. Arkeologiske studier som enno
ikkje er avslutta, vil vonleg (sv.: troligen)
kunna kasta ljos over den rolle E. har spela
i domens bygningshistorie.
Erkebiskop E. var initiativrik på mange
område. Det eldste kjende norske kyrkjelege
statutt skriv seg frå han. Og han er
forfattar til visse Olavs-legender som finst i
skriftet Passio Olavi. Under-hendlingar som han
her fortel om i 1. person, verkar nyktre og
ærleg attergjevne. Biletet av hans karakter
er ikkje heilt klårt. Men truleg var han
korkje (sv. varken) fanatikar eller
opportunist, men ein heilstøypt realpolitikar, fyllt
av si tids kyrkje-ideal. Frå 1172—73 bar
han titelen apostolicæ sedis legatus. Etter
døden stod hans kiste i Nidarosdomen til
reformasjonen, og eit provinsialkonsil 1229
lyste honom heilag, likevel utan å oppnå
paveleg kanonisering.
Litt.: 0O. Kolsrud, Olavskyrkja i Trondheim
(Norske folkeskrifter nr. 63, Oslo 1914); A.
Taranger i Norvegia Sacra 1922; Fr. Paasche,
Kong Sverre (3 ed. Oslo 1948); A. O. Johnsen,
Om erkebiskop Øysteins eksil 1180—1183 (Oslo
1951). A. S.
EZEKIEL, se Hesekiel.
EZRA, se Esra.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:20 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/1/0430.html