Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Hamar bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
val av biskop til Hamar. Innocents 4. gav
Oslo rett, og ein annan vart sett til biskop.
Ved seinare bispeval ser det ut som
Hamarkapitlet med stønad av erkebispen i
Trondheim slapp innblanding frå Oslo. Fleire enn
12 kannikkar har truleg Hamar aldri hatt.
Ved slutten av mellomalderen fanst det 18
prebender ved domen, men fleire av dei var
små. Bispegarden var på 1500-talet
forskansa med tjukke, høge murar og
omgjeven av små fort. Biskop Karl Jensson (1505
—12), vart under konflikten med hertug
Christiern lokka ut or si bispeborg og
halden i fangeskap i 4 år.
Den siste katolske Hamar-bispen, Mogens
(1513—37) tenkte ei stund å verja
bispegarden militært mot Christian 3.s herførar
Trud Ulfstand, men overgav seg utan
sverdslag 22. juli 1537 og vart førd fangen til
Andvordskov kloster på Sjelland, der han
levde til 1542. Bispegodset og
domkyrk;jegodset vart gjort til krongods 1537.
Katedralskolen fekk ha sitt underhald ei stund, men
vart i 1584 flutt til Vang og i 1602 nedlagd.
Hamar fekk ingen evangelisk
superintendent slik som dei andre norske bispedømme.
Eit kvalifisert bispeemne var vanskeleg å
finna, og staten ynskte i grunnen ein
reduksjon av det geistlege embetsverk. Det veldige
H. vart slått saman med Oslo bispedøme og
styrt frå Oslo. Domkapitlet på Hamar kunne
enno i 1560 samlast til møte, men det vart
omsider oppløyst. Domkyrkja vart ei tid
haldi i stand på ein måte gjennom skatt på
andre kyrkjer. Men under sjuårskrigen, i
1567, vart både domkyrkja og bispegarden
brende. Frå no gjekk heile det gamle
kultur-sentrum til grunns. 1670 fall vestgavlen
av domen ned, i 1692 sentraltårnet o.s. b.
Enno i vår tid ser ein mellom ruinane 4
mektige langskips-arkader ståande som ein
pittoresk silhouett mot himmelkvelven.
I året 1849 vart den nye byen Hamar
grunnlagd eit lite stykke aust for
domkyrkjeruinane. I 1863 gjorde statsmaktene
vedtak om at Hedemarkens og Kristians
amter (som frå 1919 heiter Hedmark fylke og
Oppland fylke) skulle skiljast ut frå
Kristiania stift (Oslo bispedøme) og verta eit
stift for seg med byen Hamar som bispesete.
1213
HAMAR BISPEDØME
Ruinane av den gamle domkyrkja frå 1200-talet.
Delinga vart sett i verk 1864. Samstundes
fekk Hamar sin stiftamtmann og
stiftsdireksjon. Vang hovudkyrkje i grannelaget
skulle førebels tena til stiftskyrkje. Til
første biskop vart utnemnd H. O. Folkestad
(1864—87). Han var bondeson frå
Telemark og ein framståande kyrkjemann, —
var mellom anna ein verksam medlem av
den store kyrkjekommisjonen 1859—70. Ny
stiftskyrkje eller domkyrkje vart bygd av tre
i Hamar by og stod ferdig 1866. Til
vitnemål om tradisjonssamanhengen mellom det
gamle og det nye Hamar fekk den største
kyrkjeklokka ein inskripsjon som var forma
av salmediktaren M. B. Landstad: »Jeg
raaber over det gamle grus: Stat op, kom,
Hamar, til Herrens hus!»
Grensene for det nye Hamar bispedøme
fell til dels annleis enn for det gamle. Kvikne
og sunnanfor liggjande bygder er no med i
Hamar stift eller, som det heiter frå 1919,
Hamar bispedøme. Solør, Vinger og Odalen
er med, Valdres er med. Idre og Serna er
utanfor. Alle bygder sørvest for Hadeland
og Valdres er utanfor. Bispedømet har 12
prosti, 63 prestegjeld, 116 sokner, 98
prestestillinger. Areal 52.394 km”; folketal (1946)
324.259. Av ei folkemengd på ca. 325.000
står ca. 2 % utanfor folkekyrkja. Av barn
som vart fødde i året 1951, var 4 % fødde
utanfor ekteskap. Sivile styresmenn stiller
seg oftast positivt til økonomisk-kyrkjelege
oppgåver.
Biskopper: Arnald 1152—; Orm; Ragnar —ca.
1188/89; Thorer 1189/90—1196; Ivar Skjalg
1214
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:20 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/1/0623.html