Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Nidaros bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
NIDAROS BISPEDØME
» Y *
a
©. x a `
?
v
Y
“
Nidaros domkyrkje. Grunnlagd på 1070-talet.
Ombygd og utvida i den seinare delen av 1100-
og i 1200-talet. Ei gjennomgripande restaurering
tok til 1869 og er ikkje fullførd enno.
ì moderne tid. Kor og tverrskip kunne
derimot med store påkostnader haldast oppe
til bruk. Menn som erkebispane Aslak Bolt
og Erik Valkendorf gjekk energisk inn for
restaurering og nyskaping av
erkebispedomen. Desse to menn stridde og for atterreising
av det kyrkjelege livet, ikkje minst gjennom
visitasferder, til dels lengst nord ved ishavet
mellom heidenske samar (lappar).
N. hadde 8 kloster, som alle låg i
Trøndelag. To hospital i byen Nidaros er kjende
frå mellomalderen.
Den siste erkebispen, Olav Engelbriktsson,
var sterkt oppteken med politikk. Han
rømde landet for kong Kristian 3.s krigsmakt
1. april 1537, og døydde året etter i utlandet.
Riket skulle heretter ingen erkebiskop ha.
Bispestolen i Trondheim stod tom i 9 år
(1537—46). Til evangelisk superintendent
utnemnde Kristian 3. magister Torbjørn
1215
Bratt, som hadde studert i Wittenberg og
hadde godt testimonium frå Luther. Med
stor kraft stridde han mot forfallet og mot
kongens sekularisering av kyrkjeleg gods,
men døydde tidleg. Domkapitlet vart
reorganisert etter evangelisk ordning. Det fekk
ein lektor i teologi. Seinare vart det
småningom oppløyst.
Kring 1571 nådde bispedømet sitt
maksimum i geografisk omfang, då Jemtland
også kyrkjeleg, liksom tidlegare politisk, vart
lagt under norsk administrasjon. I sør
høyrde Sunnmøre og Nordre Øysterdalen med
til N. og i nord alle bygder ved Nordishavet.
Kring 1580 gjekk nordre Øysterdalen
(Kvikne, Tynset, Tolga og Alvdal) over til
Hamar-Oslo bispedøme. Men enno var Trondhjems
Stift, som bispedømet vart kalla, så
urimeleg stort at tilsynet ikkje vart effektivt. I åra
1586—89 vart det gjennomført ein
kyrkjeleg generalvisitasjon i Trondhjems Stift. Ein
kongelig kommisjon inspiserte alle bygder
frå Sunnmoəre til Aust-Finnmark, også dei
gamle norske grenselandskap Jemtland og
Herjedalen. Mangt vart då sett i betre
skikk og orden. På 1600-talet kom fleire
dugande biskopar, som la stor vekt på
visitering og katekisasjon. Folket vart ført inn i
luthersk barnelærdom. Med Eiler Hagerup
kom eit innslag av pietisme til bispesetet.
Presten og vekkingsmannen Thomas von
Westen sette inn med misjon blant samane.
Biskop J. E. Gunnerus var ein from og lærd
opplysningsmann, som saman med P. F.
Suhm og G. Schøning grunnla
Vitskapsselskapet i Trondheim 1767. Bispane P. O.
Bugge og A. Grimelund var påverka av
herrnhutismen, N. J. Laache av
haugianismen, V. A. Wexelsen av grundtvigianismen.
Gjennom tidene vart Trondhjems Stift
sterkt redusert i omfang. Sunnmøre gjekk
over til Bjørgvin bispedøme 1622, Jemtland
og Herjedalen vart svensk område og 1647
tillagt Hernösands stift. I 1803—04 vart alt
land nord for Namdalen utskilt og gjort
til serskilt bispedøme (sjå Sør-Hålogaland,
Nord-Hålogaland bispedømme).
N. har f.t. eit omfang på 50.815 km.” og
(år 1950) eit folketal på 406.816 menneske.
Utanfor folkekyrkja står ca. 1,5 %. Prosen-
1216
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0622.html