Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Nord-Hålogaland bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
NORD-HÄLOGALAND BISPEDØME
Domkyrkja i Tromsø. Bygd i 1861.
vart utnemnd til biskop over Nordlandenes
og Finmarkens Amter (Nordland (ene)s og
Finmarkens Bispedømme). Sørgrensa for det
nye bispedømet gjekk like nord for
Trøndelag og Namdalen. Etter bispeordinasjonen
1804 overtok Krogh ein biskops
funksjonar, men likevel vart han verande
sokneprest i Alstahaug alt til 1811 og hadde
ingen annan residens enn prestegarden. Då
han vart fri sine sogneprest-plikter, kjøpte
han garden Belsvåg i Alstahaug og budde
der til sin død 1828. Ettermannen, Peter
Kjerschow (1830—48), fekk frå 1834
residens i Tromsø, og siden har bispestolen
alltid stått der. Frå 1844 fekk Nord-Noreg
stiftamtmann og stiftsdireksjon, og frå den
tid heitte bispedømet Tromsø stift. Fullt
organisera vart dette bispedømet først i 1860,
då soknepresten i Tromsø vart utnemnd til
stiftsprost (domprost). Tromsø stift heitte
frå året 1919 Hålogaland bispedøme.
Det embetsdistrikt som biskop Krogh og
hans ettermenn fekk å styra, var serleg
vanskeleg på fleire måtar: 1) Storparten av det
ligg nordanfor polarsirkelen og har ein
1239
mørk, streng og lang vinter. 2) Mange
prestegjeld var i eldre tid enormt store. Kistrand
prestegjeld rokk frå Nordkap til Kautekeino,
d. v. s. det hadde ei utstrekning nord—sør
som Jyllands frå Skagen til Haderslev, ca.
300 km. 3) Kommunikasjonar til lands var
det minimalt av; embetsreiser vart oftast
gjort i open båt frå fjord til fjord. 4) Tre
ulike tungemäål vart tala innan bispedømet:
norsk, samisk og kvensk (norsk, lappisk og
finsk). 5) Folkesetnaden var tunn; dei som
skulle bera dei økonomiske byrdene var få.
Ei ser-hjelp under dei spesielt vanskelege
tilhøve hadde Nord-Noreg fått frå 1716 i
Missionskassen, som frå 1802 var
omorganisert til Det nordlandske Kirke-
ogSkolefond. Fondet fekk i mange år
tilskot frå kyrkjene landet rundt og vart ei
god hjelp for kyrkje- og skole-tenesta der
nord. Likevel var det vanskeleg å få nok
prestar og lærarar. I 1814 stod */, av alle
sokneprest-embete tome. Bispane i det
nordnorske bispedømmet synte stor energi og
dugleik. Men det tok likevel 20 år etter skipinga
av bispestolen før det vart bispevisitas i
Finnmark. Eit stort framsteg kom i 1826
med stiftsseminariet for folkeskole-lærarar
på Trondenes, — seinare flutt til Tromsø,
— det første i landet. Presten Nils
Stockfleth (1787—1866), som frå 1825 gjorde ein
misjonærs gjerning mellom samane i
Finnmark og gav dei Det nye testamente og
andre bøker på samisk, vekte interesse og
ansvarskjensle for kyrkjelivet nordpå hjå
statsmaktene og hjå kyrkjefolket. Dei store
prestegjeld vart etterhand delt, den
kyrkjelege teneste vart meir effektiv. Friviljug
kristelig verksemd hadde Nord-Noreg hatt
minst sidan H. N. Hauges* tid. Hauge
sjølv nådde nord til Tromsø. Mange
haugianar tala Guds ord i Nordland og Troms;
Ivar Gabestad, Ole Bache, Elling Eielsen og
Anders Haave verka og i Finnmark.
Haugiansk kristenliv fanst her og der i
bispedømet ættled etter ættled. Frå ca 1850 kom
nye vekkingar som gjekk ut från
lekmannen Olle Kallem, presten L. L. Læstadius* i
svensk Lappland og presten G. A. Lammers
i Skien. Bispane D. B. Juell (1849—55) og
Knud Gislesen (1856—60) kjende sitt ansvar
1240
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0634.html