- Project Runeberg -  Nordisk teologisk uppslagsbok för kyrka och skola / 2. I - O /
1265-1266

(1952-1957) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Norsk luthersk misjonssamband

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ske misjonærar normalt hadde. Cand. theol. J. Brandtzæg, som var førar for den første misjonær-flokken, ynskte å få ordinasjon før han reiste ut, men Bjørgvin-bispen F. W. Hvoslef fann at han kunne ikkje tilråda ordinasjons-løyve, då han kjende for lite til kva retningsliner den nye organisasjonen ville fylgja. Brandtzæg vende seg sä til Agder-bispen J. C. Heuch og der etter til Nidaros-bispen N. J. Laache, men ingen av dei ville gå inn for ordinasjon. For Brandtzæg vart det snart ikkje lenger aktuelt med ordinasjon; han reiste heim frå China for godt i 1892 og vart leidar for heime-arbeidet frå 1893 til sin død 1931. Fleire av dei andre misjonærar arbeidde for kyrkjeleg ordinasjon og bad styret fremja saka. Generalforsamlinga i Bergen 1899 vedtok med stort fleirtal at ein ikkje skulle søkja om ordinasjon for misjonærane, men at dei skulle få ei høgtidleg vigsle av styret. Samstundes vart det vedtatt eit ritual for gudsteneste på misjonsfeltet, svarande til det som vart nytta av Den norske lutherske frikirke* her heime. Misjonærane vart rekna som forstandarar i eit frikyrkjesamfunn i China, og skulle ikkje bera preste-ornat. På grunn av desse vedtak gjekk tre av misjonærane ut or tenesta i 1901; dei vart seinare utsendingar for Det norske misjonsselskap. Styraren for misjonsskolen sa opp si stilling, og tre av dei sju mann i styret la ned sitt ombod. Den kurs organisasjonen slo inn på i kyrkjespørsmål vart sterkt markert i 1906, då ein av dei førande menn, emissæren Ludvig Hope (1871—1954), gjekk inn for frie nattverdmoøte utan prest og kyrkje-ritual. Organisasjonen stilte sine medlemer fritt med omsyn til del-taking i denne form for nattverd. Hand i hand med heidningmisjonen gjekk eit stort og veksande indrem«isjons-arbeid. Vekkingsforkynninga heime og misjons-verksemda der ute verka innbyrdes stimulerande på kvarandre. I 1905 var arbeidet organisert over heile landet. I 1911 hadde forbundet ca. 1.800 misjons-lag, ca. 100 emissærar og ca. 50 misjonærar. Året 1912 vart sentral-administrasjonen flutt frå Bergen til Oslo, og to år seinare 1265 NORSK LUTHERSK MISJONSSAMBAND vart misjonsskolen flutt frå Vestlandet til Fjellhaug ved Oslo. Fjellhaug vart eit skolesentrum med folkehøgskole, bibelskole, handelsskole og misjonsskole. Kyrkjeskipnaden på misjonsmarkene vart bygd opp på presbyteriansk vis. Den lokale kyrkjelyd (sv. församling) fekk eldsteråd og diakonat. Frå 1920 vart kyrkjelydane ordna i to presbyterier, og frå 1938 kom ein synode som samlande instans. Ein forstandarskole vart skipa i Laohokow 1925. Uteksaminerte kinesiske elevar kunne då etter kvart avløysa misjonærane som forstandarar. Samstundes vart kyrkjelydane opplærde i å bera sine eigne økonomiske byrder. Misjonen opplevde fleire krisetider på sine arbeidsfelt. Under boksar-uroa 1900 måtte misjonærane evakuera og fara heim. Under borgarkrigen 1927 måtte dei atter fara bort frå feltet. Dei fylgjande års kommunist-uro og krigen med Japan 1937—1945 gjorde arbeidet utrygt og vanskeleg. Men motgangstider vart misjonstider. Frå 1932 vart eit område i Nord-Mandsjuria tatt opp som ny misjonsmark. Storparten av folket der var emigrerte kinesarar. I 1934 vart ein bibelskole sett i gang i byen Tsitsihar. Den første dåpen kunne haldast i våren 1934. Trass i urolege tider og skifting av styremakter (japanarar, sovjet-russarar, innfødde kommunistar), hadde arbeidet jamn framgang. Under den andre verdskrigen vart sambandet mellom heimlandet og misjonsmarkene praktisk talt avskore. Det kom godt med under dei økonomiske vanskane at den norske kongen og hans riksstyre under sitt eksil løyvde pengar av statskassa til hjelp for misjonen, og at lutheranane i U.S.A. gav effektiv stønad. Etter Japans kapitulasjon 14/8 1945 braut det atter ut borgarkrig i China mellom nasjonalistar och kommunistar. I Mandsjuria rådde kommunistane fullstendig, og i China tok dei omsider heile fastlandet. Alle norske Mandsjuria-misjonærar vart som utlendingar tvinga ut or landet, og i april 1946 kom dei heim. I Chinadistriktet gjekk evakueringa for seg suksessivt i åra 1946—1948. Alle misjonsmarker måtte overlatast til dei innfødde kristne, som 1266

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0649.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free