Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Norsk luthersk misjonssamband
- Den norske lutherske frikirke
- Det norske lutherske indremisjonsselskap
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN NORSKE LUTHERSKE FRIKIRKE
no vart stilt på hard prøve om dei evna
vedkjenna seg kristendomen utan kompromiss
og halda oppe kyrkja.
For misjonær-staben melde det seg nye
oppgåver. Alt i 1948 vart det tatt opp arbeid
ìi Etiopia, der keisaren helsa misjonærane
velkomne. I 1949 kom det i stand
misjonsverksemd i Hongkong og i Japan, i 1950 i
Tanganika, og i 1952 på Formosa. Då no
alle misjonsmarkene låg utanfor det
kinesiske fastlands-rike, høvde det gamle
namnet ikkje lenger. I staden for Det norske
lutherske Kinaforbund tok organisasjonen
ì 1949 namnet Norsk luthersk
misjonssamband. Organisasjonen har i
1954 ca. 4.259 misjonslag og ca. 150
misjonærar, derav i Etiopia 58, i Japan 23, i
Tanganika 17, i Hongkong 5 og på Formosa 4.
Litt.: P. S. Eikrem, Johannes Brandtzæg. Hans
liv og virke (Oslo 1934); Det norske lutherske
Kinamisjonsforbund gjennom 50 år. Utgitt av
hovedstyret (Oslo 1941); Misjonærer i Det
norske lutherske Kinamisjonsforbund 1891—1941
(Oslo 1941); O. Handeland, A. Tiltnes og A. Vik,
Den lille jubileumsboka, Misjonskurset pr. brev,
kurs 14, 16, 18 (Oslo 1944); Riket kommer,
Norsk luthersk misjonssamband, Årbok 1953.
Utgitt av hovedstyret (Oslo 1954). Tidsskrifter:
Kineseren, årg. 1891—1936; Utsyn, årg. 1937—
1954. A. S.
DEN NORSKE LUTHERSKE FRIKIRKE. Dei
første norske lutherske frikyrkjelydane vart
organiserte i byane Moss, Horten, Arendal,
Risør og Halden 1877 og i Oslo 1878. Desse
seks lokale samfunn gjekk i 1878 saman til
eit presbyterium med eit samla medlems-tal
på 392. Året 1899 hadde dette
frikyrkjesamfunnet 3.908 medlemer med
nattverdrett, ordna i 29 kyrkjelydar. Dette året vart
det gjennomført ein organisasjon med tre
presbyterier og ein synode som over-instans.
Frå 1947 er det fire presbyterier under
synoden. I 1953 var 17.769 personar tilslutta
samfunnet og av desse var det 6.805
medlemer med nattverdrett, ordna i 64
kyrkjelydar. Av medlemene bur om lag ”/, i byane.
Det finst medlemer av denne frikyrkja i alle
fylke, men det største talet finst i sjø-fylka
frå Østfold til Vest-Agder og i Nordland
fylke. Denne kyrkja var lenge det største
religiøse samfunn utanfor folkekyrkja (no
1267
er pinsevennene det største samfunnet).
Juridisk vert ho rekna som dissentar-samfunn,
men fordi ho byggjer på dei evangelisk
lutherske vedkjenningsskriftene (sv.
bekännelseskrifter), har ho visse ser-rettar.
Medlemene kan t. eks. verta religionslærarar i
offentlege skolar på same vilkår som
medlemer av folkekyrkja.
N. kom som ei frukt av kyrkjelege
brytingar under dei store vekkingar på 1850—
70-talet. Mange av dei vekte, også prestar,
reagerte mot at openlyst ubotferdige
menneske fekk absolusjon og nattverd utan
privat skrifte, og at den statsbundne kyrkja
ikkje makta reformera seg sjølv. Prestane
J. St. Munch og Paul Wettergreen la ned si
presteteneste av samvits-grunnar og gav for
ei tid frikyrkjerørsla sin moralske stønad
og si arbeidskraft. Skotsk
presbyterial-synodal kyrkjeordning vart mønster i det
praktiske, og Rosenius-rørsla (frå Sverige) sette
merke på forkynning og sjelesorg i det
nyskipa samfunnet. Kyrkjetukt var eit viktig
moment i kyrkjeordninga, og borna som
veks opp innan samfunnet får ikkje
nattverdrett og fullt medlemskap utan prøving
og vitnesmål om personleg kristenliv.
N. har hatt varig kontakt med Evangeliska
Fosterlandsstiftelsen, Bibeltrogna Vänner,
Luthersk Missionsforening i Danmark og
Det lutherske Brodersamfunn (Lutheran
Brethren) i USA.
Frå 1921 har frikyrkja drive den
kristelege folkehøgskolen Fredtun ved Larvik, eit
sentrum for ungdoms-arbeid, og frå 1946
bibelskolen på Bjørnegård ved Oslo. Norsk
luthersk Forlag vert drive sidan 1937.
Litterære organ: »Budbæreren» og
»Nuorttanaste» (Aust-stjerna), det siste for
samefolket.
Litt.: Den norske evangelisk lutherske frikirke
gjennom 75 år. Utgitt av synoden (Oslo 1952);
Budbæreren (Oslo; årg. 1953 og 1954). A. S.
DET NORSKE LUTHERSKE INDREMI-
SJONSSELSKAP. Lokale indremisjonslag
vart skipa i Skien 1853, Christiania (Oslo)
1855, Sarpsborg 1860, Bergen 1864, Bodø
1864 o.s.v. Større lokal-organisasjonar for
indre misjon kom i stand 1864
(Sunnhordland, Hardanger og Voss) og 1866 (Lange-
1268
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0650.html