- Project Runeberg -  Nordisk teologisk uppslagsbok för kyrka och skola / 2. I - O /
1269-1270

(1952-1957) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske lutherske indremisjonsselskap - Norström, Vitalis

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sundsf jorden). Med Evangeliska Fosterlandsstiftelsen* som næraste mønster vart Den norske Lutherstiftelse grunnlagd 1868, ikkje som ei samling lokale lag, men som ein hovudstads-institusjon med kontaktar ut over landet. I 1870 vart Lutherstiftelsen om-organisert slik at styret vart valt av ei generalforsamling ihopsett av representantar for indremisjons-interesserte lag på ulike kantar av landet. Professor Gisle Johnson* var den førande mann i arbeidet. Den viktigaste oppgåva Lutherstiftelsen tok opp var forlagsverksemd og kolportør-utsending til innlandsbygder og fjordbygder. Bibelen, andaktsbøker, religiøse blad og traktatar kom på den måten inn i mange familier. Etter 5 års verksemd hadde Lutherstiftelsen 53 »bibelbud» (kolportørar) som gjesta 150 prestegjeld årleg. I åra 1868—91 gav Lutherstiftelsen ut 10 millioner eksemplar av mindre og større skrifter. Like viktig var det at bibelboda påverka mange menneske i heimane gjennom samtale, song, andakt og sjelesorg. Somme bibelbod heldt store oppbyggings-møte, men det hadde dei ikkje mandat frå stiftelsen til, for styret ville av prinsipielle grunnar ikkje organisera lekmanns-forkynning. Men indremisjons-laga reiste krav om fri lekmanns-forkynning, og så vart Lutherstiftelsen i 1891 om-organisert til Det norske lutherske indremisjonsselskap med det tre-doble program: forkynning, litteraturspreiing og kjærleiksverksemd. Størst vekt vart lagt på lekmanns-forkynning og framhjelp av nådegåver. Lutherstiftelsens forlag og bokhandel arbeidde vidare under sitt gamle namn. Frå 1936 kom også Indremisjonsselskapets forlag. Filantropisk arbeid som vart sett i verk av Lutherstiftelsen eller av N., resulterte stundom i sjølvstendige institusjonar: Det norske diakonhjem, grunnlagt 1890, Hjem for døve, grunnlagt 1898 osv. Eit markant drag i nyare indremisjons-verksemd er skole-arbeidet. Bibelskolen i Oslo vart grunnlagt 1916. Ni kristelege folkehøgskolar er reist sidan hundreårsskiftet, og sju andre i samarbeid med andre organisasjonar. Selskapet dreiv Oslo lærarskole 1912—46 og Nidaros lærarskole 1922—29, men denne 1269 NORSTRÖM skolegjerning vart stoppa av statsmaktene. Frå 1939 driv N. Tomb jordbruksskole og frå 1946 Gjennestad hagebruksskole. Litterære organ for selskapet: » Kristelig Ukeblad» (1891—1906) og »For fattig og rik» (1896—). Som formann i hovudstyret har desse fungert: Professor Sig. V. Odland (1891—1911), professor Edv. Sverdrup (1911—23) og professor O. Hallesby (1923—). Ein sterk ekspansjon gjennomgjekk selskapet med sokneprest Joh. M. Wisløff som generalsekretær (1912—44). Organisasjonen omfatar f.t. ca. 2.900 indremisjonslag ordna i 24 krinsar (sv. kretsar). Gjennom Organisasjonenes fellesråd står N. i kontakt med andre kristelege samskipnader (sv. organisationer). Litt.: Edvard Sverdrup, Fra Norges kristenliv, Den norske Lutherstiftelse og Det norske lutherske indremissionsselskap 1868—1918 (Kristiania 1918); Håndbok for indremisjons-arbeidet. Red. av Alfred Hagnor, Finn Olsen, Ola Rudvin, H. E. Wisløff (Oslo 1947); Det norske lutherske indremisjonsselskaps årbok 1950—52. Ved generalsekretæren (Oslo 1953). A. S. NORSTRÖM, Vitalis (1856—1916), svensk filosof och kulturkritiker, prof. vid Göteborgs Högskola 1891—1916. N. har sin betydelse som ett av de vältaligaste och mest representativa exemplen på hur mot slutet av 1800-talet den syntes mellan subjektiv idealism och kristendom började upplösas, som tidigare utvecklats av framför andra Hegel och som i Sverige fått sin speciella utformning genom Boström*. Sin filosofiska skolning fick N. under skarpsinniga uppsalafilosofer, som närmast företrädde en reviderad boströmianism. Frigjord från sitt omedelbara beroende av dessa utvecklade han en rik produktivitet, varvid han tog avstånd från den boströmska idealismen och försökte lägga grunden till en egen ståndpunkt. Särskilt viktig är programskriften »Hvad innebär en modern ståndpunkt i filosofien?» (1898) samt det sammanfattande verket »Religion och tanke» (1912). Både ur filosofisk och religiöst-teologisk synvinkel finner N. idealismen otillfredsställande. De efterkantska idealisterna och då särskilt Boström ha enl. N. med sitt gudsbegrepp, begreppet om 1270

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0651.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free