Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Oslo bispedøme
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
OSLO BISPEDØME
OSLO BISPEDØME er eit av dei tre eldste
i landet, frå ikring 1075, då Olav Kyrre var
konge. Det femnde opphavleg om heile det
austanfjelske Noreg, frårekna nordre
Øysterdalen, Valdres og Hallingdal. Til
bispedømet høyrde i sørvest heile Telemark med
Bamble, og i aust Båhuslen og bygdene Idre
og Serna i Dalane. Medan det vestanfjelske
vart delt i to bispedøme i 1125, laut det
austanfjelske venta til 1153, då Noreg vart
serskild kyrkjeprovins og fekk sin eigen
erkebiskop. Til det nyskipa Hamar
bispedøme* vart då lagt Oppland med
Idre og Serna, mykje av det noverande
Buskerud fylke og Øvre Telemark. — Etter
reformasjonen, i 1541, vart dei to bispedøma
slegne saman att. Bispedømet skulle då heita
Akershus stift, men vart ofte kalla Oslo
og Hamar (eller Christiania og Hamar)
stift(er). I 1644 gjekk Idre og Serna og i
1658 Båhuslen til Sverige, og i slutten av det
17. hundreåret vart Øvre Telemark lagt til
Stavanger stift, medan Akershus fekk att
Hallingdal, Valdres og Nord-Øysterdal. I
1863 vart Hamar stift nyskipa att, no med
andre grenser: Hamar fekk Solør, Vinger
og Odalen, men nådde i sørvest berre til og
med Hadeland og Valdres. Samstundes vart
Nedre Telemark med Bamble lagt til
Kristiansands stift. Kristiania stift, som det no
skulle heita, vart i 1919 heitande Kristiania
bispedøme og frå 1925 på nytt Oslo
bispedøme.
Dei 4—5 fyrste bispane i O. vart helst kalla
»biskup i Vik» eller »víkverjabiskup», ser
det ut til, men budde vel i Oslo, dei og. Då
domkyrkja vart ferdig, ikring 1120, vart
Oslo fast bispesæte, og truleg var det då St.
Hallvard-relikviane vart førde dit frå Lier,
der Hallvard fyrst vart gravlagd. St.
Hallvard vart vernehelgen for Oslo, og
domkyrkja vart vanleg kalla Hallvardskyrkja, endå
ho truleg var vigd til den treeinige Gud som
dei andre domkyrkjene. Byen vart gong på
gong herja av lauseld (sv. vådeld), men
domkyrkje-murane greidde seg vanleg godt,
so kyrkja kunne setjast i stand att. Eit
pavebrev frå 1265—68 gjev avlat til alle dei
som er med og byggjer Oslo domkyrkje.
Kyrkja var i bruk til ut i det 17. hundreåret.
1419
Oslo domkyrkje (tidligere: Vor Frelsers Kirke).
Bygd i 1695—99, restaurert og påbygd med det
noverande tårnet om lag 1850. Restaurert og
innvigd på nytt som Oslo domkyrkje 1950.
I 1153 fekk Oslo eit domkapitel på 12
kannikar; formannen, erkedeknen, vart
seinare kalla erkeprest, med di han vart
sokneprest til domkyrkja. Då Hamar
domkapitel, som var yngre, valde ny biskop i Hamar
i 1251, protesterte Oslo-bispen Håkon og
domkapitlet hans, og sa at dei hadde ein
gamal rett til å vera med på dette valet.
Pave Innocents IV stadfeste denne retten;
men i 1278 og 1305 dømde erkebispen at
Hamar-kapitlet hadde fri valrett i
bispedømet sitt. Det mektige domkapitlet i Oslo kom
ei tid noko i skuggen for kapitlet ved
Mariakyrkja, som var kongeleg »kapell» for
Håkon V; dette kapitlet var på 6 kannikar og
hadde dessutan til formann ein prost, som
frå 1314 og var kanslaren åt kongen. Snart
miste alle domkapitla retten til å velja ny
biskop i eige bispedøme og. Oslo-bispen
Salomon (1322—51), den einaste bispen i
landet som ikkje let livet i Svartedauden (sv.
1420
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Wed Dec 3 01:42:28 2025
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ntu/2/0726.html